Nyetableringar

Svak nedgang i nyetableringar i 2017

I 2017 vart det registrert 2 185 nye føretak i Møre og Romsdal. Dette er ein svak nedgang på 2,4 prosent frå året før. I landet elles gjekk talet på nyetableringar opp med 2,6 prosent.

Størst vekst har det vore i Romsdal med 28 fleire føretak. Dette gir ein vekst på 5,4 prosent frå året før. Nordmøre hadde ein svak vekst på seks nye føretak. Sunnmøre hadde ein nedgang på 87 føretak frå året før.

Nesset hadde registrert størst auke i nyetableringar frå året før med 15. På Sunnmøre hadde Ørsta ein vekst på 12 nye føretak, og på Nordmøre var det registrert størst vekst i Sunndal med åtte nye føretak frå året før.

Flest føretak vart etablert innan teknisk tenesteyting/eigendomsdrift, bygg og anlegg,varehandel og privat tenesteyting. Desse bransjane registrerte likevel ein nedgang samanlikna med året før. Forretningsmessig tenesteyting var den bransjen som hadde størst vekst. Det vart etablert 44 nye føretak i den bransjen.

Bedriftene i Møre og Romsdal klarer seg betre enn gjennomsnittet i landet. Totalt vart det etablert 1 851 nye føretak i 2010. Fem år seinare var 557, eller 30,1 prosent av
føretaka, framleis i drift. For landet var denne delen 27, 3 prosent i same periode. Av kommunane i fylket er Smøla den med høgast overlevingsgrad med 55,6 prosent, og deretter kjem kommunane Eide og Hareid med 42 prosent. 

I 2017 vart det i Møre og Romsdal etablert 2 026 arbeidsplassar i dei nye føretaka for sjølvstendig næringsdrivande. I tillegg til eigen arbeidsplass vart det skapt arbeidsplassar for 466 tilsette i 2017, noko som var ein nedgang i talet på tilsette på 162 frå året før. 40 prosent av dei nye føretaka er registrert som AS.

To tredjedelar av dei som har leiarroller i nyetablerte enkeltpersonføretak, er menn, og denne kjønnsfordelinga har vore nokså stabil dei siste åtte åra.