Arbeidsplassdekning

4 849 færre arbeidsplassar enn arbeidstakarar 

Arbeidsplassdekning er eit omgrep som blir nytta for å seie noko om talet på arbeidsplassar i forhold til talet på sysselsette som bur i det same området, til dømes eit fylke eller ein kommune. Er det fleire arbeidsplassar (sysselsette etter arbeidsstad) enn sysselsette etter bustad, er arbeidsplassdekninga over 100 prosent. Over 100 prosent inneber ei netto innpendling, og under 100 prosent betyr netto utpendling. 

I 2017 var arbeidsplassdekninga i Møre og Romsdal 96,3 prosent, 0,4 prosentpoeng lågare enn i 2016. I absolutte tal var det 4 849 færre arbeidsplassar enn arbeidstakarar i fylket i 2017, mot 4 945 i 2016. Det var berre to fylke som hadde fleire arbeidsplassar enn arbeidstakarar i 2017, Oslo og Sør-Trøndelag med ei arbeidsplassdekning på høvesvis 131 og 102 prosent. Møre og Romsdal plasserte seg på ein tiandeplass av dei 19 fylka.

Arbeidsplassdekninga varierer frå 123 prosent i Molde til 61 prosent i Nesset. Vi finn høg arbeidsplassdekning både i by- og distriktskommunar. I tillegg til Molde har Ålesund, Sunndal, Ulstein, Volda, Stranda, Sandøy og Kristiansund ei arbeidsplassdekning på over 100 prosent. 

Lågast arbeidsplassdekning har kommunane Nesset, Giske, Gjemnes, Sula, Skodje og Fræna, alle med under 70 prosent. Dette er kommunar som grensar til dei største bykommunane i fylket.

74 prosent av arbeidstakarane i fylket bur og arbeider i eigen kommune. Den delen av arbeidsplassane i kommunen der eigne innbyggarar arbeider, kan vi kalle eigendekning. Mest vanleg er dette i kommunane Tingvoll, Smøla, Vanylven og Sandøy, der over 80 prosent bur og arbeider i same kommune. Ni kommunar har under 70 prosent eigendekning. Der kjem Skodje lågast med 52 prosent, og deretter følger kommunane Ulstein, Volda og Ørskog, med ei eigendekning på mellom 60 og 62 prosent.