Spelemidlar

Færre spelemidlar i den nasjonale potten i 2020, men meir til Møre og Romsdal

1,437 milliardar kroner gjekk til anlegg for idrett og fysisk aktivitet i kommunane i 2020. Dette er ein nedgang på 74 millionar kroner frå 2019. 85,1 millionar kroner gjekk til Møre og Romsdal, noko som er 1,2 millionar kroner meir enn i 2019. Det plasserer oss som nummer ni mellom fylka. 

I 2016–2020 vart det registrert totalt 1 310 spelemidelsøknadar i Møre og Romsdal. Figuren her viser korleis desse fordeler seg på ulike anleggskategoriar og er sortert etter tildelt sum frå størst til minst. Det vart søkt om tilskot til 21 forskjellige anleggskategoriar i perioden. Dei tre største kategoriane, målt i tildelt sum, er idrettshallar og aktivitetssalar, fotballanlegg og friluftslivsanlegg. Viss vi ser på kva kategoriar som har flest søknadar, finn vi at mindre utandørsanlegg er størst. Dette er typiske nærmiljøanlegg som ballbingar, fleirbruksområde med meir. Nest størst målt i talet på søknadar, er friluftslivsanlegg og fotballanlegg.

Ålesund, Molde og Kristiansund er dei tre kommunane som har fått tildelt flest spelemidlar dei siste fem åra. Målt i talet på søknadar har Ålesund, Molde og Hustadvika søkt mest. Viss vi ser på kva kommunar som har søkt om flest spelemidlar, finn vi Ålesund, Molde og Ulstein på topp. Fjord, Herøy og Stranda har fått flest spelemidlar per innbyggar i perioden.

«Ventetid» er eit uttrykk for etterslepet i spelemidelordninga. Ventetida er no på 3,5 år i Møre og Romsdal og har gått opp dei siste to åra. Det har vorte fordelt meir midlar kvart år, men det blir også søkt om fleire midlar.