Tilstand tunnelar

Tunnelar på fylkesveg i Møre og Romsdal treng vedlikehald

Møre og Romsdal fylkeskommune har i alt 57 tunnelar med trafikk. Desse tunnelane har stor variasjon i alder, lengde, trafikkmengde og utforming. Den eldste tunnelen er frå 1920, og den nyaste er frå 2016. Statens vegvesen kartla vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane i Møre og Romsdal i 2018/2019. Etterslepet for tunnel er den største posten med eit behov på vel 3,4 milliardar kroner.

Formålet med tunnelsikkerheitsforskrifta er å sikre eit minimumsnivå av sikkerheit for trafikantar i tunnel. Tunnelsikkerheitsforskrifta gjeld for tunnelar med lengde over 500 meter og ein gjennomsnittleg trafikk på 300 køyretøy eller meir per døgn. 29 av dei 57 tunnelane i fylket er omfatta av tunnelsikkerheitsforskrifta. Berre 8 av dei 29 tunnelane oppfyller tunnelsikkerheitsforskrifta i dag. For dei resterande 21 tunnelane må det gjerast tiltak i større eller mindre grad for å tilfredsstille forskrifta.

Tunnelane i fylket har vore grundig inspiserte dei siste åra, men 17 av 57 tunnelar er ikkje inspisert enno. Tunnelinspeksjonane viser at berre 4 av 40 bergtunnelar ikkje har behov for tiltak dei neste fem åra. Bergsikring, som er tiltak i tunnel som inneber bruk av nett, boltar osv. for å hindre ras, bør altså utførast i 36 tunnelar.

Standarden for fri høgde i tunnelar er i dag 4,6 meter. Berre 16 av 57 tunnelar har fri høgde på 4,6 meter. Dei resterande 41 tunnelane har fri høgde på mindre enn 4,6 meter. Lågare fri høgde enn standarden gir dårlegare framkome for store godskøyretøy.

Indikatorar for fylkesvegtunnel i Møre og Romsdal:
Tal tunnelar som oppfyller tunnelsikkerheitsforskrifta: 8 av 29
Tal tunnelar med tilfredsstillande bergsikring: 4 av 40
Tal tunnelar med «skilta høgde» 4,6 meter: 16 av 57