Sjukefråvær

Fleire uføre kvinner enn menn

Ved utgangen av 1. kvartal 2019 var det registrert 15 679 mottakarar av uføretrygd i Møre og Romsdal. Det er 258 fleire personar enn på same tidspunkt i 2018, ein auke på 1,7 prosent. For landet samla var det ein auke på 4,3 prosent, til 343 438 personar totalt.

Talet på mottakarar av uføretrygd som del av befolkninga mellom 18 og 67 år var 9,6 prosent i første kvartal 2019. Det er 0,3 prosentpoeng fleire enn på same tid i fjor. Fleire kvinner enn menn mottar uføretrygd. 62,0 prosent av dei uføre i Møre og Romsdal er kvinner, og dette er høgare enn landsgjennomsnittet, som er 58 prosent. 

Det er store kommunevise variasjonar i kor stor del av befolkninga mellom 18 og 67 år som er uføre. Halsa har den høgaste delen uføre med 14,6 prosent, mens Stranda har lågast del med 6,4 prosent. Av dei tre største byane har Kristiansund 13,5 , og Molde 8,3 og Ålesund 8,0 prosent.

Stabilt sjukefråvær

Sjukefråværet 1. kvartal 2019 i Møre og Romsdal er det same som i 1. kvartal 2018 på 5,8 prosent. Fråværet er på 7,6 prosent for kvinner og 4,3 prosent for menn. Landet har eit sjukefråvær på 5,5 prosent. 12 fylke har høgare sjukefråvær enn landet, og fire fylke har over 6,0 prosent. Nordland ligg høgast med 6,4 prosent, Finnmark har 6,3, Østfold 6,2 og Oppland 6,1 prosent. Lågast sjukefråvær er det i Oslo med 4,5 prosent.

I Møre og Romsdal er det høgast sjukefråvær i aldersgruppa 60–66 år med ein sjukefråværsprosent på 7,2 for menn og 9,0 prosent for kvinner. 

13 kommunar i fylket har over 6 prosent sjukefråværsprosent, og Nesset kommune ligg høgast med 7,8 prosent. Lågast sjukefråvær er det i Sunndal kommune med 3,9 prosent.

Det er registrert 393 703 tapte dagsverk i Møre og Romsdal på grunn av sjukefråvær i 1. kvartal i 2019, fordelt på 230 878 for kvinner og 162 8256 for menn.