Utvikling blant fylka

Sterkast vekst i hovudstaden

Frå 2017 til 2018 auka sysselsettinga i landet med 56 402 sysselsette. Det er ein auke på 2,1 prosent. Sterkast vekst var det i Oslo og Akershus, kor talet busette som var sysselsett auka med 3,0 prosent. Møre og Romsdal hadde den fjerde lågaste veksten av alle fylka, med 1,6 prosent, målt etter bustadregion. Lågast var veksten i Sogn og Fjordane med 0,9 prosent.

I perioden frå 2009 til 2018 så har det vore ein auke på om lag 185 000 sysselsette i Noreg. Det er ein vekst på 7,4 prosent. Berre eitt fylke, Telemark, hadde ein negativ utvikling i talet sysselsette. Der sokk talet sysselsette med 791 sysselsette, ein nedgang på 1,0 prosent. Møre og Romsdal hadde i same periode ein vekst på 2,4 prosent eller 3 082 sysselsette. Det er den femte lågaste veksten av fylka. Best utvikling var det i Oslo og Akershus, med høvesvis 17,0 og 14,2 prosent. Oslo og Akershus sin vekst utgjorde i tiårsperioden 50,3 prosent av den samla veksten. Tek vi med Hordaland, Rogaland og Trøndelag står dei fem fylka for 75,7 prosent av den samla veksten.

Når ein ser på utviklinga i talet sysselsette i dei ulike næringane, kjem utviklingstrekka i arbeidsmarknaden fram. I tiårsperioden ser ein at det har vore ein nedgang på 20,7 prosent innanfor jordbruk, skogbruk og fiske (frå omlag 75 000 i 2009 til omlag 60 000 i 2019). I industrien har sysselsettinga gått ned med 12,8 prosent på same tid, og i tal sysselsette har nedgangen vore på omlag 30 000 sysselsette til 208 957 i 2019. Dette er næringar som er store i Møre og Romsdal. Det er delar av forklaringa bak fylket sin låge vekst i perioden. Sterkast relativ auke har det vore i bergverksdrift og utvinning, saman med bygge- og anleggsverksemd og overnattings- og serveringsverksemd, alle med over 20 prosent vekst, mens i tal sysselsette har veksten vore størst i helse- og sosialtenester, med 65 271 fleire sysselsette på 10 år.