Val

Fleire eldre og innvandrarar blant dei røysteføre

Ved valet i haust er det berekna at 208 300 personar har røysterett i Møre og Romsdal. Om lag 46 800 av desse er 67 år eller eldre. Pensjonistane utgjer dermed 22,5 prosent av dei røysteføre i fylket mens denne gruppa i 1999 utgjorde 19,9 prosent. 

Talet på førstegongsveljararar held seg nokså stabilt. I 2019 har om lag 6 800 18–19 åringar røysterett i Møre og Romsdal. Det er 200 færre enn i 2015, men på same nivå som i 2011. 

Frå 1983 har utanlandske statsborgarar som har hatt lovleg opphald i minst 3 år, og nordiske borgarar som har lovleg opphald per 30. juni, røysterett i kommunestyre- og fylkestingsvala. Ved valet i haust er 8,5 prosent av dei røysteføre i Møre og Romsdal utanlandske statsborgarar. Denne gruppa har auka kraftig etter EU-utvidinga i 2004, for i 2003 utgjorde utanlandske statsborgarar berre 1,9 prosent av dei røysteføre i Møre og Romsdal.

Det har også vore stor auke i talet på norske borgarar med innvandrarbakgrunn med røysterett. I 2019 gjeld dette om lag 6 100 personar eller 2,9 prosent av dei røysteføre i fylket. I 2003 gjaldt dette berre 2 000 personar. 

Fleire eldre og kvinner på listene til fylkestingsvalet

Av dei 548 kandidatane som stod på liste til fylkestingsvalet i Møre og Romsdal i september 2019, var 171 over 60 år. Det utgjer 31,2 prosent av listekandidatane. I 2015 utgjorde denne aldersgruppa 28,4 prosent av kandidatane. Det er klart flest menn blant dei eldre kandidatane. Berre 35,1 prosent er kvinner.

Gruppa under 30 år er dårlegast representert på listene. Dei utgjer rundt 20 prosent av befolkninga over 18 år i Møre og Romsdal, men berre 11,3 prosent av listekandidatane. Det er likevel ein liten auke frå 2011. Totalt var kvinnedelen på fylkestingslistene 42,9 prosent, som er 1,1 prosentpoeng høgare enn i 2011 og ligg på nivå med landsgjennomsnittet.