Bustadsal

Mindre omsetning, men framleis vekst i bustadprisane    

Omsetninga av bustader (omsetning av ein bustad eigedom med heimelsoverføring) i fritt sal var lågare både i Møre og Romsdal og landet i 2016 enn i 2015. I Møre og Romsdal var nedgangen på 191 omsetningar, tilsvarande 4,4 prosent. På landsbasis var nedgangen større, med 4 664 færre omsetningar, ein nedgang på 5,3 prosent. Det er andre året på rad med nedgang i talet på omsetningar i fylket.

Ålesund kommune hadde høgast vekst i omsetningar med 144 fleire enn året før, ein vekst på 15,6 prosent. Nedgangen i omsetningar var størst i Kristiansund og Molde, med høves vis 94 og 89 færre omsetningar enn året før, eller 19,7 og 18,4 prosent. I dei mindre folkerike kommunane kan talet på omsetningar svinge mykje frå år til år, då enkelt prosjekt i bustadmarknaden kan ha stor påverknad på tala. Derfor skal ein vere forsiktig med å tolke for mykje ut av tala, men ein ser samtidig at nedgangen i omsetningar er høg på deler av Sunnmøre, og i kommunar med mykje industri retta mot maritim næring der utviklinga i arbeidsmarknaden har vore utfordrande.

Gjennomsnittleg kjøpesum auka trass nedgangen i talet på omsetningar. I Møre og Romsdal var gjennomsnittet i 2016 på 2 534 619 kroner, ein auke på 2,9 prosent. På landsbasis var auken 4,7 prosent, og gjennomsnittleg kjøpesum i 2016 var 3 438 000 kroner. Molde hadde høgast gjennomsnittleg kjøpesum i 2016 med  3 380 636 kroner per omsetning, med Ålesund og Giske på plassane bak. Bustadprisane auka i fjor i 21 av kommunane i fylket.

Den samla kjøpesummen for alle omsetningane i Møre og Romsdal var i 2016 på om lag 10,5 milliardar kroner. Det er ein nedgang frå 2015 på om lag 170 millionar kroner eller 1,6 prosent. På landsbasis var omsetninga i bustadmarknaden på om lag 287 milliardar kroner, ein nedgang på om lag 2,3 milliardar eller 0,8 prosent.