Lærartettleik

Stor variasjon i lærartettleik   

Lærartettleik er ei berekning av kor mange elevar det er per lærar i ein undervisningstime. Lågt tal er bra. Lærartettleik er altså ikkje det same som storleiken på ein klasse. I lærartettleik i ordinær undervisning er særskild norskopplæring og spesialundervisning utelate.  

Det er i gjennomsnitt 15,9 elevar per lærar i ordinær undervisning i Møre og Romsdal mot 16,8 elevar per lærar i landet. Møre og Romsdal er dermed betre enn landet samla sett. Lærartettleiken varierer mellom kommunane i fylket. Hovudmønsteret er at byane har lågare lærartettleik i ordinær undervisning enn mindre kommunar. Etter dei tre største bykommunane er det Ørskog, Sula og Giske som har flest elevar per lærar i ordinær undervisning. Årsaker til forskjellane mellom kommunane kan mellom anna vere demografi, økonomi og politiske prioriteringar.

Lærartettleiken er høgast på dei lågaste trinna. På 1.-7. trinn er det i gjennomsnitt 12,3 elevar per lærar i Møre og Romsdal, mens det på 8.-10. trinn er gjennomsnittleg 13,8 elevar per lærar. Både på barneskolen og ungdomsskolen er det færre elevar per lærar i Møre og Romsdal enn i landet.