Igangsette og fullførte bustader

Nedgang i bustadbygginga     

I 2016 vart det sett i gang bygging av 1 203 bustader i Møre og Romsdal. Det var 123 færre enn året før, ein nedgang på 9,3 prosent. For landet sett under eitt var situasjonen svært annleis. Der auka talet på igangsette bustader med 4 902, ein vekst på 15,7 prosent.

Blant kommunane i fylket var nedgangen størst i Molde, med 151 færre igangsette bustader enn året før. Det er ein reduksjon på nær 60 prosent, og ikkje ulik den nedgangen vi hadde i Ålesund frå 2014 til 2015. Der er dei enno ikkje tilbake på det byggenivået dei hadde i 2014 og tidlegare. Trass i dette var Ålesund den kommunen i fylket med størst auke i bustadbygginga i 2016 med 63 fleire bustader.

I 17 av dei 36 kommunane i fylket vart det ein nedgang i bustadbygginga i fjor, to hadde inga endring, mens dei siste 17 hadde auke i bustadbygginga.

I perioden frå 2012 til 2016 vart det fullført 7 014 bustader i Møre og Romsdal. Av desse var 38,9 prosent bygd i dei tre bykommunane, og det tilsvarer om lag same delen som desse byane har av folketalet i fylket. I Ålesund vart det bygd 1 343 bustader og i Molde 905 bustader i perioden. På tredjeplass kom Ulstein med 503 bygde bustader i desse åra.

Rekkehus var den mest populære bustadtypen som vart bygd, og utgjorde 40,1 prosent av alle bustader bygd i perioden 2012 til 2016. På andreplass kom einebustader, som utgjorde 34,5 prosent. Blokker utgjorde 15,8 prosent, mens andre bustader utgjorde 9,7 prosent. Samansettinga av bustadtypar varierer frå kommune til kommune og frå år til år, og det er store variasjonar, særleg i kommunar med låg bustadbygging. I dei meir folkerike kommunane ser vi, ikkje uventa, eit større innslag av bustadblokker. Kategorien andre bustader er typiske studentbustader, og dei ligg ved universiteta og høgskulane våre.