FoU i næringslivet

Stor auke i FoU-innsatsen i næringslivet   

FoU-aktiviteten har hatt eit oppsving frå 2014 til 2015 både på landsbasis og i Møre og Romsdal. Tala varierer ein del frå år til år, men gav store positive utslag for Møre og Romsdal i 2015. Møre og Romsdal ligg no på andreplass når vi reknar kor stor del av bedriftene som utfører FoU-arbeid. Talet auka frå 18 prosent i 2014 til 27 prosent i 2015. Talet på FoU-årsverk i næringslivet har auka med heile 53 prosent frå 2010 til 2015. Auken på landsbasis var 26 prosent. Auken i talet på årsverk med høgare utdanning er på 54 prosent i same periode. Auken på landsbasis var på 23,6 prosent. Møre og Romsdal er likevel blant fylka i landet som har lågast del sysselsette med lang høgare utdanning, det vil seie minimum 4 års universitets- eller høgskoleutdanning eller forskarutdanning.

I 2015 vart det brukt 1 603 millionar kroner på forskings- og utviklingsarbeid i Møre og Romsdal.  Dette var ein auke på 644 millionar eller 67 prosent sidan 2013. Auken på landsbasis var på 20 prosent. 

Det er næringslivet i Møre og Romsdal som står for den største delen av dei totale FoU-utgiftene, med 80 prosent i 2015. FOU-utgiftene til næringslivet var på 1 289 millionar kroner i 2015.  På landsbasis står næringslivsdelen for 
 47 prosent av dei totale FoU-utgiftene.  Det er også næringslivet som står for den største auken i FoU-utgifter både i relative og absolutte tal. 

FoU-utgiftene i Møre og Romsdal utgjorde berre 2,6 prosent av dei totale FoU-utgiftene i landet i 2015. Det er store variasjonar mellom fylka. Oslo hadde dei høgaste FoU-utgiftene både i 2013 og 2015, følgd av Sør-Trøndelag, Akershus og Hordaland.