Passasjertal rutebil

Jamn auke i passasjertala på buss    

Frå 1. januar i 2017 er rutebiltrafikken i heile fylket, med unntak av Sekken, ute på bruttoanbod. Dette inneber at fylkeskommunen har ansvar for utgifter, inntekter og marknads føring. Alt dette er fordelt på åtte rutepakkar (RP); RP1 – Ålesund, Giske og Sula
RP2 – Kristiansund, Averøy, Smøla og Aure
RP3 – Molde og Gjemnes
RP4 – Sunnmøre Nord
RP5 – Sunnmøre Sør
RP6 – Indre Nordmøre
RP7 – Indre Romsdal
RP8 – Ytre Romsdal

Mesteparten av billetteringa skjer gjennom elektroniske billetteringsmaskinar. Dette gjer at vi kan lese av passasjertala heile vegen. Tala som er presentert her, er utan skoleskyss, men inkludert skolereiser. Skoleskyss er transport som er tilrettelagt berre for å frakte skoleelevar. Skolereiser gjeld skoleelevar som reiser med skyssbevis med ordinær rutegåande transport.  Desse reisene blir registrert manuelt.

Figuren viser at passasjertala totalt sett har auka sakte, men sikkert frå 2015 og fram til og med juni 2017. Auken var i snitt på 6,47 prosent for alle rutepakkane frå juni 2016 samanlikna med juni 2017,  ein auke på 264 147 passasjerar, frå 4 085 140 til 4 349 287 totalt. Dette er vel å merke talet på passasjerar første halvår i 2016 og 2017. Ei forklaring på auken er betre registrering av skolereiser. Den andre årsaka er ei vriding frå sal av enkeltbillettar til meir sal av periodeprodukt. Dette er ei ønska utvikling, men auken i passasjertal gir førebels lite vekst i inntekter.     
Kor stor auken av passasjerar har vore, varierer frå rutepakke til rutepakke. Passasjertala har auka i alle pakkane frå januar til juni 2017 samanlikna med januar til juni 2016.  Rutepakke 7 – Indre Romsdal har den største auken med heile 46 prosent. Dette skuldast truleg at hurtigbåten Molde - Vestnes slutta å gå til Vikebukt frå januar 2017 fordi Tresfjordbrua gav nye reisemønster. Ein del av desse passasjerane kom dermed truleg over på buss.