Vaksenopplæring

Fleire deltek på vaksenopplæringskurs    

Frivillige organisasjonar organiserer kurs i alle fylka i Noreg, og kvart år rapporterer dei aktiviteten sin gjennom studieforbunda. Tema for kursa er mellom anna estetiske fag, handverksfag, helse-, sosial- og idrettsfag og språkfag. I 2016 vart det gjennomført 45 000 kurs for 504 898 kursdeltakarar i 423 av dei 428 kommunane i landet. 401 frivillige organisasjonar arrangerte kurs.

I Møre og Romsdal vart det i 2016 arrangert 2 253 kurs i regi av 125 frivillige lag og organisasjonar. Det utgjer 8,5 kurs per 1 000 innbyggarar, det same som landsgjennomsnittet. 22 prosent av kursa i fylket var tilrettelagd for personar med særskilte behov, mot 17 prosent på landsbasis.

I alle kommunar i fylket vart det meld om kursverksemd, og rapporteringa viser 25 831 kursdeltakarar og 62 843 kurs timar! Voksenopplæringsforbundet (VOFO) Møre og Romsdal har auka talet på kurs og deltakarar med høvesvis 1,3 og 1,1 prosent, i tillegg til ein auke i kurstimar på 5,8 prosent. 

I alt 15 230 kvinner og 10 601 menn deltok på kurs i Møre og Romsdal i 2016. Ein tredel av deltakarane var 60 år eller eldre, og 22 prosent var under 30 år.

I Møre og Romsdal har Norddal kommune flest kurs i forhold til folketalet med 16 kurs per 1 000 innbyggarar. Deretter følger Ørsta, Molde, Volda, Smøla og Ørskog. Færrast kurs per 1 000 innbyggarar er det i kommunane Midsund, Sula og Nesset.

Estetiske fag og handverksfag utgjer 55 prosent av kursa i Møre og Romsdal, mot 43 prosent på landsbasis. Norsk kulturindeks 2016, utarbeidd av Telemarksforsking, viser at Musikkens studieforbund og Studieforbundet kultur og tradisjon i Møre og Romsdal hadde 4 491 deltakarar på vaksen opplæringskurs i 2015. Dette svarer til 16,8 deltakarar per 1000 innbyggarar, og det er heile 28 prosent over landsgjennomsnittet.