Uføre/sjukefråvær

Lågare del uføre enn landsgjennomsnittet

Talet på mottakarar av uførepensjon i Møre og Romsdal var 15 375 personar i mars 2018, 9,3 prosent av befolkninga i alderen 18–67 år. Det er ein lågare del enn for landet, der snittet var 9,7 prosent på same tid. Både Møre og Romsdal og landet elles hadde ein auke på 0,2 prosentpoeng frå mars 2017 til mars 2018.

I løpet av dei tre første månadane i 2018 fekk 424 fleire personar uføretrygd i Møre og Romsdal, mot 362 personar i same periode i 2017. 245 av økninga i 2018 var kvinner, og 179 var menn. Av alle som mottok uførepensjon i Møre og Romsdal i mars 2018, var 61 prosent kvinner og 39 prosent menn. For sju år sidan var fordelinga 58 og 42 prosent.

Av alle uføre i Møre og Romsdal i mars 2018 var 4,7 prosent under 30 år (727 personar), og 8,0 prosent av mottakarane var 30-39 år (1 227 personar). 70 prosent av dei uføretrygda er 50 år eller eldre.

Det er store kommunevise variasjonar. Kommunane Smøla, Halsa, Tingvoll og Kristiansund har høgast del uføre med over 13 prosent av befolkninga mellom 18 og 67 år. Stranda, Ulstein og Giske kommune har alle under 7,0 prosent.

Liten auke i sjukefråværet

Det legemelde sjukefråværet i Møre og Romsdal var 6,0 prosent i 1. kvartal i 2018, ein auke på 0,2 prosentpoeng frå året før. Det er høgare enn det nasjonale gjennomsnittet som var 5,8 prosent.

Sjukefråværet var størst blant kvinner med 7,8 prosent, mens menn hadde 4,5 prosent legemeld sjukefråvær. For landet var delen 7,4 prosent for kvinner og 4,3 prosent for menn.

Kommunane Rindal, Ørsta og Vanylven har høgast sjukefråvær, alle med over 7,5 prosent. Lågast er det i kommunane Sunndal, Midsund, Norddal og Halsa, som alle ligg under 5 prosent. 

Det er registrert 389 393 tapte dagsverk i Møre og Romsdal på grunn av sjukefråvær i 1. kvartal i 2018, fordelt på 231 177 for kvinner og 158 216 for menn.