Innvandring

Svak vekst i innvandrarbefolkninga 

Innvandrarbefolkninga* i Møre og Romsdal auka med 1 121 personar frå 2017 til 2018. Gjennomsnittleg vekst dei siste ti åra er nesten det doble, nemleg 2 162. Veksten i innvandrarbefolkninga var på 3,4 prosent siste år, den lågaste veksten sidan 2002. Gjennomsnittleg prosentvis vekst i innvandrarbefolkninga dei siste ti åra har vore på 10,8 prosent.

Samla innvandrarbefolkning i fylket ved inngangen av 2018 var 33 945 personar. Av desse var 29 975 innvandrarar og 3 970 var barn av innvandrarar. Auken i talet på innvandrarar var 704 personar, og det er 32 prosent lågare enn i 2017. Auken i talet på norskfødde barn av innvandrarar var 417 personar, ein auke på 38 prosent frå året før. Auken i talet på norskfødde barn av innvandrarar er likevel lågare enn for to år sidan.

Sjølv med svekka vekst i innvandrarbefolkninga utgjer dei ein større del av innbyggarane i fylket enn tidlegare. Ved inngangen til 2018 utgjorde dei 12,7 prosent av den samla befolkninga, ein auke på 0,4 prosentpoeng frå året før. Dette plasserer Møre og Romsdal på tolvte plass blant fylka i landet. 3,7 prosent av innvandrarbefolkninga i Noreg bur i Møre og Romsdal, mens tilsvarande del for den samla befolkninga
er 5,0 prosent.

Barn og unge 0–19 år utgjer 24,6 prosent av innvandrarbefolkninga i fylket, om lag som for befolkninga totalt (24,1 prosent). Aldersgruppa 24–44 år er derimot mykje større i innvandrarbefolkninga enn blant innbyggarane totalt - 51,1 prosent mot 30,9 prosent. Gruppa over 67 år utgjer berre 2,8 prosent av innvandrarane i fylket.

Ser vi på befolkningsutviklinga sidan starten av 2000-talet, finn vi at innvandrarane «fyller» det holet i befolkningspyramiden som innanlandsk fråflytting har skapt i dei midtre aldersgruppene.

Familie mest vanleg innvandringsgrunn i 2017

I 2017 vart det i folkeregisteret registrert 2 040 nye innvandrarar busett i Møre og Romsdal, 535 færre nye enn i 2016. I 2016 var flukt for første gong den vanlegaste innvandringsgrunnen til fylket. Dette endra seg i 2017. I fjor innvandra flest til fylket på grunn av familie, og desse utgjorde 35 prosent (722 personar) av dei busette. Dette inkluderer både familiegjenforeining og familieetablering/- utviding. Nasjonalt har familie vore den mest vanlege innvandringsgrunnen frå 2015 til 2017.

Arbeid har igjen gått forbi flukt som innvandringsgrunn i Møre og Romsdal. Arbeidsinnvandrarane utgjorde 31 prosent (631 personar), mens 27 prosent kom på grunn av flukt (550 personar). Talet på busette flyktningar var 44 prosent lågare i 2017 enn i 2016. For Noreg totalt var nedgangen i busette flyktningar 49 prosent same år. Det er nedgang i alle typar innvandring, både i fylket og nasjonalt.

Av dei 2 971 innvandrarane som vart registrert busette i Møre og Romsdal i 2010, budde 2 097 framleis i fylket i 2017. Det inneber at 29 prosent hadde flytta frå fylket. Prosentvis flytta fleire av flyktningane enn arbeidsinnvandrarane. Av dei busette flyktningane i 2010 (341 personar) hadde 38 prosent flytta frå fylket i 2017. Blant arbeidsinnvandrarane er flyttetapet 30 prosent for dei som vart busett i 2010, og 20 prosent for dei som kom på grunn av familie. Av dei innvandrarane som busette seg i fylket på grunn av utdanning i 2010, bur framleis 42 prosent her.

Kva som er vanleg innvandringsgrunn, har samanheng med landbakgrunnen til innvandrarane i fylket. Framleis er det klart flest som har innvandra frå Polen. Denne gruppa heldt seg stabil frå 2016 til 2017 (om lag 5 500 personar). Størst auke var det for innvandrarar frå Syria (+268), og dette er no den femte største innvandrargruppa i fylket.

Størst del innvandrarar på Sunnmøre

Åtte kommunar i Møre og Romsdal har over 15 prosent innvandrarar, og alle desse er på Sunnmøre. Aller størst del har Sande med 18,8 prosent, tett følgt av Stranda med 18,7 prosent. Også Hareid har over 18 prosent innvandrarar i kommunen. Fire kommunar har under 8 prosent. Det er Rindal, Surnadal, Eide og Vanylven.

Av dei tre største byane er det Ålesund som har størst del innvandrarar med 14,6 prosent, mot 12,8 og 12,7 prosent i Molde og Kristiansund. Ålesund har fått 2 041 fleire innvandrarar/barn av innvandrarforeldre dei siste fem åra, mens auken i Molde er 943 og i Kristiansund 579 personar.

Alle kommunane med unntak av Stordal har hatt vekst i innvandrarbefolkninga dei siste fem åra. Størst prosentvis vekst er det i kommunane Halsa (5,5 prosentpoeng), Stranda (5,0 prosentpoeng), Aukra (4,5 prosentpoeng), Smøla (4,4 prosentpoeng) og Skodje (4,2 prosentpoeng). 

I 2017 derimot, hadde sju kommunar reduksjon i innvandrarbefolkninga. Størst reduksjon hadde Halsa (-17 personar), Midsund (-12 personar) og Stordal (-11 personar).
Ålesund hadde ein auke på 227 innvandrarar/barn av innvandrarar i fjor, Molde 165 og Kristiansund fekk sju fleire siste året. Størst prosentvis vekst i 2017 hadde kommunane
Rindal (+15 %), Gjemnes (+13 %) og Rauma (+11 %). 

Innvandring av menn har vore ein del av forklaringa på kvinneunderskotet i Møre og Romsdal, men dette kan sjå ut til å jamne seg ut litt no. Ved inngangen av 2018 utgjorde kvinnene 47 prosent av innvandrarbefolkninga i fylket, og det er eitt prosentpoeng meir enn for fem år sidan. Frå 2017 til 2018 auka talet på kvinner i innvandrarbefolkninga i Møre og Romsdal med 607 mens talet på menn auka med 514.

*Innvandrarbefolkning= innvandrarar + norskfødde med innvandrarforeldre.