Ferje

Jamn og til dels sterk auke i ferjetrafikken i Møre og Romsdal i perioden 2010–2017

I Møre og Romsdal er det 24 ferjesamband. 20 av desse er fylkesvegferjer, og dei resterande fire er riksvegferjer. Det er stor forskjell på kor mange personbileiningar på ferje (PBE) dei ulike sambanda transporterer.

Tala viser dei ti største sambanda i Møre og Romsdal, etter PBE, eller årsdøgntrafikk (ÅDT) som blir nytta elles på vegtrafikken. Tabellen syner at fleire samband har hatt ein sterk vekst i ÅDT i perioden. Den desidert største veksten hadde riksvegferjesambandet Halsa – Kanestraum med 70 prosent. Det einaste sambandet med nedgang i trafikken i perioden er riksvegferjesambandet Volda – Folkestad, der ÅDT er redusert med 36 prosent. Årsaka til denne reduksjonen er at Kvivsvegen vart opna, og trafikantar på E39 fekk dermed ein alternativ veg frå Sogn og Fjordane til Møre og Romsdal.

Tala frå 2017 syner at tre av dei fem største sambanda er fylkesvegferjer. Det største fylkeskommunale sambandet målt i ÅDT per 2017 er Hareid – Sulesund. Likevel er det slik, som tabellen viser, at dette sambandet har hatt ein reduksjon i frakta PBE, noko som sannsynlegvis skuldast lågare aktivitet i næringslivet i området. Endringa i ÅDT på sambandet Aukra – Hollingsholmen heng tett saman med aktiviteten på Ormen Lange-anlegget. Reduksjonen i 2015 på sambandet Åfarnes – Sølsnes skuldast stengd tunnel ved rehabilitering av Fannefjordtunnelen.

Frå 2010 har trafikken, målt i ÅDT, auka frå 20 774 til 23 717 ÅDT på dei ti største sambanda, ein auke på 14 prosent. Dette betyr at trafikken på desse sambanda samla var nær 3 000 PBE høgare i snitt per dag i 2017 enn i 2010.