Likestillingsindeksen

Stor kjønnsubalanse i offentleg sektor    

I desember kvart år publiserer Statistisk sentralbyrå sin likestillingsindeks. Møre og Romsdal er blant dei fylka som kjem lågast på fylkesrangeringa. I 2017 (tala er frå 2016) skårar vi lågare enn landsgjennomsnittet på ti av tolv indikatorar.

Indikatorane er basert på tilgjengeleg registerstatistikk på kommunenivå. SSB reknar ut ein skår som går frå 0 til 1. Jo nærare skåren er til verdien 1, jo høgare er graden av målt likestilling.

Frå år til år er forskjellane relativt små, men over tid har enkelte av indikatorane hatt ei betydeleg utvikling. På åtte av tolv indikatorar er skårane høgare i dag enn da indeksen først vart laga i 2008, både for landet og Møre og Romsdal. Størst framgang har det vore i kjønnsfordeling blant leiarar, der også Møre og Romsdal no nærmar seg landsgjennomsnittet. I 2008 var delen kvinner blant leiarar i Møre og Romsdal 29,4 prosent. Dette har auka til 33,7 prosent i 2016. Landsgjennomsnittet det året var 35,3 prosent.

Den indikatoren som Møre og Romsdal kjem svakast ut på samanlikna med landsgjennomsnittet, er kjønnsbalansen i offentleg sektor. Ikkje noko anna fylke har ein meir kvinnedominert offentleg sektor enn Møre og Romsdal. I privat sektor er det noko betre. Med ein kvinnedel på 33,2 prosent er Møre og Romsdal ikkje blant dei dårlegaste fylka, men likevel ein del under landsgjennomsnittet på 36,6 prosent.

Averøy er kommunen i Møre og Romsdal med høgast del kvinner som arbeider i offentleg sektor. Av dei sysselsette i offentleg sektor i kommunen utgjer kvinner (20–66 år) 84,1 prosent. Volda er kommunen kor andelen kvinner av dei som er sysselsette i offentleg sektor er lågast, med 67,9 prosent. Kommunen kor kvinnene utgjer høgst andel av dei sysselsette i privat sektor er Sykkylven, kor 37,3 prosent av dei sysselsatte i privat sektor er kvinner.