Sentralitet

9 av landets 125 minst sentrale kommunar i Møre og Romsdal   

Sentralitet er eit omgrep som blir nytta til å forklare regionale variasjonar. Sentralitet handlar om avstand, kor lett eller vanskeleg tilgangen er til det meste av det ein treng i kvardagen; arbeidsplassar, skole, helsetenester, butikkar, kulturtilbod, naboar etc.

SSB lanserte i 2017 ein oppdatert sentralitetsindeks*. Denne utgjer også 60 prosent av Distriktsindeksen som sentrale myndigheiter nyttar for å vurdere distriktsutfordringane i kommunane.

Den nye sentralitetsindeksen tek utgangspunkt i om lag 13 500 grunnkretsar som kommunane i landet er delt inn i. Indeksen er sett saman av to del-indeksar basert på: 

– Talet på arbeidsplassar dei som bor i den enkelte grunnkretsen, kan nå med bil i løpet av 90 minutt.

– Kor mange ulike typar servicefunksjonar (varer og tenester) dei som bur i den enkelte grunnkretsen, kan nå med bil i løpet av 90 minutt.

Tala blir vekta, slik at ein arbeidsplass eller servicefunksjon som ligg nær bustaden tel meir enn ein som ligg lengre borte. Den nye indeksen har verdiar frå 0 (berre teoretisk mogleg) til 1 000 langs ein kontinuerleg skala. Desse verdiane er gruppert til seks nivå eller sentralitetsklassar.

Berre sju kommunar i landet hamnar på nivå 1 i 2017, det er Oslo og kommunar i nærleiken av hovudstaden inkludert Drammen. I desse kommunane bur 19,6 prosent av innbyggarane i Noreg. Bergen, Trondheim og Stavanger kjem på nivå 2, i lag med 21 andre kommunar, også desse i hovudsak på Austlandet. Den einaste kommunen som får nivå 3 i Møre og Romsdal, er Ålesund. 63 andre kommunar i landet får same klassifiseringa. 13 kommunar i fylket hamnar på nivå 4, 13 er klassifisert til nivå 5 og ni er på nivå 6.