Fylkesstatistikk 2018 – elektronisk utgåve

Velkommen til den elektroniske utgåva av Fylkesstatistikk.

Denne utgåva skil seg frå den trykte publikasjonen ved at du enkelt kan eksportere ut figurar og tabellar. Derfor trur vi den kan fungere endå betre som arbeidsverktøy, og den er også tilpassa bruk av nettbrett.

Føremålet med Fylkesstatistikk er å vere eit referanse- og oppslagsverk for eigen organisasjon, for politikarar og administrasjonen i kommunane, for media og andre samfunnsinteresserte.

Statistikken er presentert både med omtale, analysar og grafiske framstillingar av sentrale utviklingstrekk i Møre og Romsdal. Den er tenkt som eit bidrag til å identifisere utfordringar i fylket og gi eit kunnskapsgrunnlag, og vere eit innspel for bruk i samfunnsdebatten.

Offentleg statistikk er spreidd på mange ulike kjelder, Fylkesstatistikk samlar statistikk frå mange ulike kjelder, med formål å gjere offentleg statistikk lettare tilgjengeleg.

For kontakt eller innspel statistikk@mrfylke.no

Plan- og analyseavdelinga
Møre og Romsdal fylkeskommune