Sysselsette etter fagfelt og utdaning

Nest lågast del sysselsette med lang høgare utdanning

Det er store forskjellar på kva utdanning ein treng innan ulike fagfelt. I hovudsak er det enten utdanningar på vidaregåande nivå eller høgare utdanning. Dei med grunnskoleutdanning har utdanning innan allmenne fag, og dei utgjer 26 086 sysselsette i Møre og Romsdal. I tillegg til dei har 9 429 sysselsette også utdanningar innan allmenne fag på vidaregåande nivå.

I tabellen er korte (inntil tre år) og lange (fire år eller meir) universitets- og høgskoleutdanningar slått saman, og tabellen viser då fordelinga mellom sysselsette med utdanningar på vidaregåande nivå og høgare utdanning. Dei fagfelta som har flest med utdanning på vidaregåande nivå, er primærnæringsfag, naturvitskapelege fag, handverksfag og tekniske fag samt samferdsels- og sikkerheitsfag og andre servicefag. Der er delen med vidaregåande utdanning innan fagfelta høvesvis 22,4, 23,3 og 25,7 prosent.

Dei fagfelta med høgast del sysselsette med høgare utdanning er lærarutdanningar og utdanningar i pedagogikk og samfunnsfag og juridiske fag. Der har 99,2 og 89,9 prosent av dei sysselsette høgare utdanning. I humanistiske og estetiske fag, økonomiske og administrative fag samt helse-, sosial- og idrettsfag er det i større grad ei blanding av sysselsette med høgare utdanning og vidaregåande skole.

Møre og Romsdal har i lang tid hatt ein låg del sysselsette med lang høgare utdanning. I 2017 var delen nest lågast av alle fylka. Berre Oppland hadde ein lågare del. På landsbasis utgjorde dei med lang høgare utdanning 11,1 prosent av dei sysselsette, mens dei i Møre og Romsdal utgjorde berre 6,3 prosent. Dels skuldast dette næringsstrukturen i fylket, med mange næringar der kompetanse på fagskulenivå (VGS) er ettertrakta, men også at det relativt sett er færre ar beidsplassar i fylket vårt enn i andre fylke der kompetansekrava er lang høgare utdanning.