Frivillige organisasjonar

Utfordrande å rekruttere frivillige   

I juni 2018 gjennomførte Møre og Romsdal fylkeskommune ei undersøking blant frivillige organisasjonar* i Møre og Romsdal. I alt 120 organisasjonar deltok i undersøkinga.

Fleirtalet av organisasjonane har eit lokalt nedslagsfelt – 61 prosent. 29 prosent har eit regionalt nedslagsfelt. 

Over 50 prosent av organisasjonane har eit kulturelt føremål, og nesten like mange viser til at dei har eit sosialt føremål. 36 prosent har idrett og fysisk aktivitet som føremål. 

Den viktigaste inntektskjelda til organisasjonane er medlemskontingent og eigeninntening. Men også private bidrag og tilskot frå det offentlege er viktig.

Over 80 prosent av organisasjonane som deltok i undersøkinga, har ingen tilsette. Svært få har tilsette på heiltid. 

37,5 prosent av organisasjonane har færre enn 100 medlemmar, og 34,2 prosent har mellom 100 og 500 meldlemmar. Kvar femte organisasjon som svarte på undersøkinga, har meir enn 500 medlemmar. 

På spørsmål om sentrale utfordringar for å drive godt organisasjonsarbeid, ser 79 prosent rekruttering av medlemmar eller frivillige som ei viktig utfordring. Vidare finn 67 prosent at økonomi er ei sentral utfordring, 38 prosent meiner at det å vere synleg i samfunn og media er ei utfordring. Dette er i tråd med nasjonale trendar. Lokalitetar, samarbeid og kompetanse er det færre som opplever som utfordringar.

På spørsmål om kva organisasjonane ønskjer av kurs kurs/ møteplassar, er søknadsskriving, rekruttering og kommunikasjon og mediehandtering høgast prioritert blant organisasjonane. Samtidig viser undersøkinga at også organisasjonsutvikling, leiing og økonomi er viktige kurstema.

*Utvalet var dei organisasjonane som fylkeskommunen gjennom tilskotsforvaltninga har fått e-postadresse til, samt organisasjonar som kommunane hadde e-postadresser til