Arbeidsløyse

Om lag 1 000 personar langtidsledige

I august 2018 var delen arbeidsledige i Møre og Romsdal 2,5 prosent. Dette utgjer 3 439 personar som var heilt utan arbeid. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,3 prosent for kvinner og 2,6 prosent for menn, ein nedgang på 11,7 prosent frå same månaden i 2017. For landet er delen arbeidsledige 2,4 prosent, ein nedgang på 9,2 prosent frå same periode i 2017. Høgast del arbeidsledige har Vestfold (3,0 prosent) og lågast del Sogn og Fjordane (1,5 prosent).

Av dei 36 kommunane i fylket har 15 høgare eller lik arbeidsløyse som landet. Høgast arbeidsløyse er det i kommunane Hareid og Ulstein med høvesvis 5,4 og 4,7 prosent. Lågast del arbeidsløyse har kommunane Norddal og Rindal, begge med under 1 prosent.

Siste året var i snitt 28 prosent av dei arbeidsledige under 30 år, 27 prosent mellom 30 39 år og 45 prosent over 40 år, i alt 3 510 personar. Av desse var 1 264 kvinner og 2 245 menn.

I juli 2018 var 933 personar registrert som langtidsledige i Møre og Romsdal, dvs. arbeidsledige over 6 månadar. Det er nesten dobbelt så mange menn som kvinner som er langtidsledige, 603 mot 330. Gjennomsnittet for det siste året er 1 082 langtidsledige, ein auke på 19 prosent frå året før. Det er likevel langt færre enn i august 2016 då det var om lag 400 fleire langtidsledige enn på same tid i 2018.

Ser vi på ledige fordelt på yrkesgrupper, finn vi flest innan industrien. 565 personar med denne yrkesbakgrunnen er ledige i Møre og Romsdal. Dette er likevel ein nedgang på 27 prosent frå året før. Deretter kjem bygg- og anlegg med 382 personar (nedgang 26 prosent) og butikk- og salsarbeid med 379 personar (auke 4 prosent). 

Registrert arbeidsløyse blant innvandrarar i Møre og Romsdal var i andre kvartal 2018 på 5,8 prosent, ned 0,8 prosentpoeng frå same periode i fjor.