Folketalsframskriving og eldrevekst

Justerte framskrivingar 

Framskriving av folketalsutvikling baserer seg i hovudsak på såkalla trendframskriving. Det vil seie at ein forlenger historiske utviklingstrekk på ein slik måte at utviklinga dei næraste åra er vekta tyngre enn tidlegare år. For at slike framskrivingar skal vere relevante, føreset ein at det ikkje skjer eit «trendskifte», dvs. at utviklinga skiftar heilt retning. Framskrivingane består av fleire element: fruktbarheit, levealder, innanlandsk flytting og innvandring. For innvandring har vi sett eit klart trendskifte dei siste to åra både for Noreg og ikkje minst for Møre og Romsdal. SSB oppdaterte i 2018 sine folketalsframskrivingar slik at dette trendskiftet i større grad vart tatt omsyn til.

Ein skal vere klar over at feilmarginen i framskrivingane aukar kraftig når ein bryt dei ned på mindre einingar, som t.d. kommunar.

Vi ser tre klare hovudtrekk for Møre og Romsdal når det gjeld framskriving av folketalet: svakare vekst enn landet, sentralisering og til dels sterk aldring i befolkninga.

Svakare vekst enn landet

Dei neste ti åra er folketalsveksten i Møre og Romsdal berekna til 3,5 prosent, om lag halvparten av veksten i landet. Veksten dei siste ti år i Møre og Romsdal har vore på 8,1
prosent, så dersom prognosane slår til, er det meir enn ei halvering av veksten.

Av dei 36 kommunane i fylket er det i 2018 berre sju som er venta å få ein vekst som er like høg som landsgjennomsnittet dei neste ti åra. 

Fem fylke i landet har forventa lågare folketalsvekt enn vårt fylke. Dette er fylka nord for oss, med unntak av Trøndelag, samt Sogn og Fjordane og Telemark. Lågast vekst er forventa i Finnmark med 0,4 prosent, mens Akershus (11,1 prosent) og Oslo (10,7 prosent) ligg øvst på lista. 

Dette viser også ei klar sentralisering på nasjonalt nivå.

Sentralisering også internt i fylket

Sentraliseringa i Møre og Romsdal kan illustrerast med følgande: Av dei 18 kommunane i fylket med over 5000 innbyggarar er det forventa vekst i 13 fram til 2038. Av dei 18 kommunane i fylket med under 5 000 innbyggarar er det forventa vekst i berre seks. Dei 18 største kommunane har ein venta vekst på 9,3 prosent i perioden, mens for dei 18 minste er det venta ein nedgang i folketalet på -1,6 prosent. Tala for dei 18 minste kommunane inkluderer Skodje der det er venta ein vekst på heile 28,7 prosent, den høgaste veksten av alle kommunane i fylket. Dei tre største byane (dagens kommunegrenser) er åleine venta å få over 60 prosent av folketalsveksten fram til 2038. Ålesunds-regionen («nye Ålesund» + Giske og Sula) vil, om prognosane slår til, få om lag 56 prosent av den samla folketalsveksten i fylket dei neste 20 åra.

Ytterlegare nedgang i barnetalet

Vekst i talet på barn og unge er ein viktig faktor for folkevekst i neste generasjon. Framskrivinga viser ein utfordrande situasjon for Møre og Romsdal i framtida. Talet på barn og unge (0-19 år) i fylket er venta å gå ned med rundt 2 700 personar om ti år, ein reduksjon på 4,2 prosent. Dette er ein klart sterkare reduksjon enn vi har hatt dei siste ti åra. Frå 2008 til 2018 vart det 850 færre barn og unge i Møre og Romsdal.

Det er i gruppa 6–15 år, barn i grunnskolealder, at reduksjonen er venta å bli størst om ti år (-2 304). Til og med byane Ålesund (-202) og Kristiansund (-351) er venta å få færre grunnskolebarn om ti år. Det er berre 6 kommunar i fylket der talet på 6–15 åringar er venta å stige fram mot 2028. Størst auke er venta i Giske med 84 fleire og i Molde med 63 fleire.

Ser vi på barn i førskolealder, finn vi eit noko meir positivt bilde. Det er venta ein auke i talet på 0-5 åringar i 14 kommunar, og aller høgast i Ålesund med ein auke på 192.

Aldrande befolkning

Størst usikkerheit når ein gjer framskrivingar knyter seg til flytting, både innanlandsk og til/frå utlandet. Det vi er tryggast på, er framskriving av befolkninga over 67 år. Årsaka til dette er at for ei framskriving over ti år, vil dette vere dagens befolkning over 57 år, ein alder då flytteraten er låg, og nesten berre levealder påverkar resultatet. Det er likevel slik at delen eldre naturleg nok blir påverka av utviklinga i dei andre aldersgruppene, og her er det større usikkerheit. Alderssamansettinga i befolkninga er eit viktig kunnskapsgrunnlag for offentleg planlegging (særleg
kommunal), og vi har ut frå dette valt å sjå utviklinga i eit tiårsperspektiv. 

I dag er 16,6 prosent av befolkninga i Møre og Romsdal over 67 år, 1,8 prosentpoeng over landet som har 14,8 prosent. Dette plasserer oss på ein tolvteplass blant fylka rangert etter kven som har lågast del over 67 år. Oslo har den klart lågaste delen innbyggarar som har nådd pensjonsalder med 10,8 prosent. Høgast del innbyggarar over 67 år har Hedmark med 19,1 prosent.

I 2028 er det berekna at delen over 67 år i Møre og Romsdal vil auke til 20,5 prosent, 2,6 prosentpoeng over landsgjennomsnittet. Mens vi i dag er nummer 12 blant fylka, vil vi i 2028 vere nummer 14 med dagens fylkesstruktur.

Størst auke i tal personar dei neste ti åra vil vere i gruppa 67–79 år, og fylket er venta å få 7 377 fleire i denne aldersgruppa. Prosentvis vil likevel auken vere størst for gruppa 80 og over, med heile 38 prosent fleire på ti år (+5 129).

Fleire av kommunane i fylket må planlegge for ein svært kraftig vekst i gruppa 80 år og eldre, ein alder da hjelpebehovet ofte aukar. Ørskog og Surnadal har størst prosentvis vekst, men auken i tal personar 80 år og eldre er størst i byane; 773 i Ålesund, 691 i Kristiansund og 604 i Molde.