Spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Auke i spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Ein stor del av overskotet frå Norsk Tipping går til anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Av overskotet på 5,25 milliardar kroner i 2017 gjekk 1,43 milliardar kroner til anlegg for idrett og fysisk aktivitet i kommunane i 2018. Dette er ein auke på 109 millionar kroner frå 2017. 77,1 millionar kroner gjekk til Møre og Romsdal. Det plasserer oss på ein sjuandeplass mellom fylka, den same som i 2016. 

I 2014–2018 vart det registrert totalt 1 319 spelemiddelsøknadar i Møre og Romsdal. Det var flest søknadar frå kommunane Ålesund (116), Molde (105), Fræna (85), Kristiansund (78) og Ulstein (75) mens færrast søknadar kom frå Tingvoll (5), Aukra (7), Sande (8), Hareid (8), Sandøy (9) og Ørskog (10).

Samla søknadssum frå Møre og Romsdal i perioden 2014–2018 var på 1,56 milliardar kroner, og tildelt sum var 354,3 millionar kroner. Det var Ulstein (196 millionar kroner), Ålesund (158 millionar kroner), og Herøy (115 millionar kroner) som søkte om mest spelemidlar i denne perioden. Tingvoll (1,7 millionar kroner), Gjemnes (4,9 millionar kroner) og Aukra (5,5 millionar kroner) søkte om minst.

Om lag halvparten av spelemidlane i åra 2014–2018 har gått til anleggskategoriane «fotballanlegg» (97,5 millionar kroner) og «idrettshallar og aktivitetssalar» (86,2 millionar kroner). Søknadar til desse to anleggskategoriane hadde ein samla søknadssum på 867 millionar kroner, og dette utgjorde litt over halvparten av den totale søknadssummen frå Møre og Romsdal.

Lang ventetid på spelemidlar i Møre og Romsdal

Ventetida på utbetaling av spelemidlar er på 2,9 år i Møre og Romsdal, mot 2,4 år for landet elles. Berre fire fylke hadde lengre ventetid i 2018. Tre fylke hadde ei ventetid på mindre enn to år.

Årsaka til at desse fylka har kortare ventetid, er at dei har søkt om færre midlar, og at eit av tildelingskriteria sørger for at også dei som ikkje har stor utbyggingsaktivitet, er sikra ein del av potten. Fylka med kort ventetid har også låg tildelt sum. Unntaket er Oslo, som ut frå vekting av innbyggartalet i tildelingkriteria kan hente ut relativt mykje
spelemidlar. 

2017 var det første året ingen fylke hadde meir enn tre års ventetid. Møre og Romsdal hadde da lengst ventetid med 3 år. Ventetida var på 3,6 år i 2015 og 3,2 år i 2016. Tilsvarande tal for landet var 2,7 år og 2,4 år. At spelemiddelpotten har auka frå 861 millionar kroner til 1,43 milliardar kroner i perioden 2014–2018, forklarer noko av nedgangen i ventetid. Men det er ikkje berre tilskotspotten som har auka, det har søknadssummen også gjort. Derfor blir ikkje ventetida nødvendigvis kortare sjølv om summen til fordeling aukar. 

10,5 prosent av spelemidlane til anlegg for friluftsliv i 2014-2018 

37 millionar kroner av spelemidlane gjekk til friluftslivsanlegg i fylket i perioden 2014–2018. Dette utgjer om lag 10,5 prosent av den totale fordelinga i perioden. Turveg, tursti og tur-/skiløype er dei tre største kategoriane her, med til saman 35 millionar kroner i tilskot i perioden. Stranda (9,6 millionar kroner) og Molde (9,5 millionar kroner) har søkt om mest spelemidlar til friluftslivsanlegg. Norddal (213 000 kroner) og Sykkylven (300 000 kroner) har søkt om minst. 

Fylkeskommunen har vedtatt eit mål om at 11 prosent av spelemidlane skal gå til friluftslivsanlegg. Ein rapport frå Helsedirektoratet i 2017 om fysisk aktivitet viser at friluftslivsaktivitetar og uorganisert trening og mosjon er dei klart mest populære aktivitetane. Friluftslivsaktivitetar har også ei jamn fordeling knytt til sosial klasse, mens det er større ulikheit for andre aktivitetar.