Tett og spreiddbygd busetnad

71,6 prosent bur i ein tettstad

I 2017 budde 81,5 prosent av innbyggarane i landet i ein tettstad. I Møre og Romsdal omfatta denne delen 71,6 prosent. SSB definerer ei samling hus som ein tettstad om det bur minst 200 personar der og avstanden mellom husa normalt ikkje overstig 50 meter.

Det er svært stor forskjell mellom kommunane i fylket i kor stor del som bur tett og spreidd. Tre kommunar har over 90 prosent av innbyggarane i tettstadar. Det er Ålesund, Kristiansund og Sula. Også Molde og Hareid har over 85 prosent av innbyggarane i tettstadar. 

Totalt er det 16 kommunar i fylket der eit fleirtal av innbyggarane bur spreiddbygd, det er same tal som i 2013. To kommunar, Smøla og Norddal, har ingen tettstad etter SSB sin definisjon. I Halsa, Vanylven, Aure og Averøy bur over 80 prosent i spreiddbygde område.

SSB la i 2013 om metoden dei brukar for å avgrense tettstadar. Det gjer det usikkert å seie noko om utviklinga frå tidlegare år. Ser vi på utviklinga frå 2013, finn vi relativt små endringar i kor mange som bur tett og spreidd i fylket. Tendensen med at fleire bur i tettstadar held likevel fram, og i Møre og Romsdal har denne delen auka med 1,9 prosentpoeng dei siste fem åra. Dette er ein større auke enn for heile landet (+1,3 prosentpoeng).

Vi ser at nokre tettstadar i fylket går litt ut og inn av SSB sin tettstadsstatistikk. Dette kan skuldast variasjon i kva hus det til ei kvar tid bur folk i. Når dette skjer, blir endringstala for kommunen store. Det ser vi no for Sande og Halsa, der auken i del som bur i tettstadar er 20,2 prosentpoeng og 12,7 prosentpoeng. I 2013 var ingen tettstad i
Halsa med i statistikken. 

32 av kommunane har auke i delen som bur i tettstadar dei siste fem åra. Unntaka er kommunane Vestnes, Tingvoll, Sandøy og Averøy der delen har gått ned med mellom 1,9 og 0,2 prosentpoeng.