Maritim Næring

Maritim næring – omstilling i verdsklasse

Maritim næring har dei seinare åra hatt store utfordringar i kjølvatnet av nedturen i petroleumsrelatert industri. Etter fleire år med nedgang er bildet i ferd med å endre seg. Ein av effektane av lågare etterspurnad frå petroleumsrelatert aktivitet, er at næringa har omstilt seg til å levere til fleire segment. Næringa står fram som langt meir diversifisert enn tidlegare. 

I 2016 omsette maritim næring i Møre og Romsdal for om lag 50 milliardar kroner og hadde i underkant av 14 000 tilsette, ifølge Maritim verdiskapingsbok for 2018. 

Nedturen i maritim næring har hatt store konsekvensar. Både omsetning, verdiskaping og sysselsetting har falle dramatisk sidan 2014, og det er grunn til å tru at tala for 2017 vil vise eit liknande bilde. Den store forverringa i driftsmargin mellom 2015 og 2016 kom i hovudsak frå negativ utvikling for reiarlaga. Trass i nedgangen er maritim næring ei stor og viktig næring for Møre og Romsdal. Ifølge berekningar frå Menon representerer næringa om lag 20 prosent av verdiskapinga i næringslivet i Møre og Romsdal.

God utvikling i ordrereservane

Ordrereservane for verfta viser at den maritime klynga, som ved tidlegare nedturar, har tilpassa seg raskt. Ordreinngangen for verfta er god for fylket samla sett, og mange verft har rekordfulle ordrebøker. I omstillinga bort frå offshorefartøy har verfta greidd å vinne ordrar på fleire segment som cruise, ferjer og skip til fiske- og oppdrettsnæringa.

Ein må vere forsiktig med å samanlikne ordrereservane mellom år, utan også å vurdere verdien av kvart skip. Ifølge Norsk industri utgjorde ordrebøkene til norske verft om lag
30 milliardar kroner i mai 2018, som er godt under halvparten av verdien av ordrebøkene i 2013.

I overgangen til nye segment er det også ei viss usikkerheit knytt til inntening. I tillegg er det stor konkurranse om ordrane, noko som også pressar marginane. Det vil derfor bli spennande å følge utviklinga framover.

Tette relasjonar i maritim næring

Den maritime næringa er kjend for å vere omstillingsdyktig. Ein del av denne omstillingstakta blir ofte forklart ved at heile verdikjeda i maritim næring har vore representert i regionen, og den tette relasjonen mellom bedriftene har gjort omstillingstakta høg.

Som krevjande kunde har reiarlaga i fylket hatt ei viktig rolle som pådrivar for utvikling. Restruktureringa av reiarlaga har svekka det lokale eigarskapet. Dette gjer blant anna at kundane til maritim næring, i alle fall i nær framtid, i større grad vil kome utanfrå regionen. Kva den langsiktige effekten av dette vil vere, er ikkje klart.

Skip i opplag

Marknadssituasjonen for reiarlaga er framleis tøff. Opplagsregisteret viser at i august 2018 låg 114 offshoreskip i opplag i Noreg. Av desse er 34 skip kontrollert av reiarlag med hovudsete i Møre og Romsdal. Det er plattformsforsyningsskip og ankerhandteringsfartøy som utgjer den største delen av skip i opplag.

Positive utsikter

Oljepris og aktivitetsnivå i petroleumsnæringa er framleis viktige faktorar for utvikling i maritim næring. Oljeprisen nådde sitt foreløpige lågaste nivå dei siste ti åra då prisen
fall til under 30 dollar fatet vinteren 2016. Etter dette har prisen auka jamt opp til om lag 75 dollar i august 2018. Dei fleste analytikarane spår at oljeprisen skal noko opp frå
dette nivået i komande år. 

Fleire langsiktige trendar gir grunn til optimisme i maritim
næring. OECD (2016) ventar ei dobling av verdiskapinga frå havromsnæringane fram mot 2030. Kombinert med den sterke omstillingsevna til maritim næring i Møre og
Romsdal, gjer dette framtidsutsiktene positive.