Lån

Høgaste netto lånegjelda i landet   

Møre og Romsdal har eit snitt på netto lånegjeld i prosent av brutto driftsinntekter på 103. I landet utan Oslo er denne prosenten på 84. Gjeldsnivået tyder på at kommunane over lengre tid har nytta moglegheitene som ligg i den historisk låge renta, til å investere og bygge opp kostnadsnivået. Kommunane har i liten grad nytta høvet til å justere ned lånenivået. Dei har heller ikkje spart i tider med historisk låg rente og ekstraordinære inntekter. Det gir grunn til uro, når ein veit at det er utsikt til fleire rentehevingar dei to neste åra. Kommunane bør ta høgd for renteauke framover og dei bør bu seg på effekten av ein auke i området 1 til 3 prosent. 

Økonomiske indikatorar for 2017 syner netto lånegjeld og renteeksponert gjeld i prosent av brutto driftsinntekter for kommunane i Møre og Romsdal. Tala viser at nokre av kommunane har ein vesentleg auke i renteeksponert gjeld i perioden. Til dømes har Sandøy ein auke på om lag 55 prosent og Rauma ein auke på 46 prosent i perioden 2016–2017.