Atlanterhavstunnelen

Trafikken i Atlanterhavstunnelen aukar – og elbil mest

Trafikken gjennom Atlanterhavstunnelen har hatt ein klar auke frå opninga i slutten av 2009. Talet på passeringar var vel 630 000 i 2010 og auka til vel 850 000 i 2017. Trafikken auka altså med 34 prosent på desse åtte åra frå 2010. 

Tala for elbilar i 2010 og 2011 er så små at dei ikkje er synlege i figuren ved sidan av. Det var berre 121 elbilar som passerte Atlanterhavstunnelen i 2010. Talet på elbilar gjennom tunnelen har auka kraftig etter kvart. Nær 200 000 elbilar passerte Atlanterhavstunnelen i 2017, noko som utgjorde 23 prosent av alle køyretøy gjennom tunnelen dette året. 

Atlanterhavstunnelen krev inn bompengar på grunnlag av satsar for køyretøyet og frå sjåfør og passasjerar i bussar, bilar, motorsykkel og andre køyretøy. Inntektene frå bompengane auka frå 2010 til 2017, sjølv med gratis passeringar for elbilar og sjåførar (passasjerar i elbil må betale).