Regionale forskingsmidlar

Ekstraordinære forskingsmidlar til «olje-fylka» i 2017   

Møre og Romsdal er saman med Trøndelags-fylka ein del av Regionalt Forskingsfond Midt Noreg. Fondet lyser ut forskingsmidlar til næringsliv og kommunar. I 2017 gav fondet støtte til 42 prosjekt med til saman 23,1 millionar kroner. 11 av desse prosjekta var ordinære kvalifiseringsprosjekt knytt til verksemder i Møre og Romsdal. 13 prosjekt fekk tildeling frå dei ekstraordinære midlane som Møre og Romsdal har hatt tilgjengeleg for bedrifter innan oljebasert næring med særleg behov for omstilling.

MobPro i FORREGION-programmet erstatta VRI-programmet frå 2017. I Møre og Romsdal vart det gitt støtte til 14 forprosjekt i 2017. Samla støtte var på 2,8 millionar kroner.