Melde lovbrot

Auke i melde seksuallovbrot    

Det vart i 2017 meldt 10 510 lovbrot i Møre og Romsdal, mot 10 874 i 2016, ein nedgang på 3,3 prosent. Nasjonalt gjekk melde lovbrot ned endå meir, med 5,3 prosent. Møre og Romsdal ligg likevel langt under landsgjennomsnittet for melde lovbrot per 1 000 innbyggarar, med 40,2 mot 60,2. Berre Sogn og Fjordane kjem betre ut med 38,0 melde lovbrot per 1 000 innbyggarar (gjennomsnitt for melde lovbrot perioden 2016–2017).

«Trafikklovbrot» er den lovbrotstypen som er oftast meldt (1 920), og denne kategorien utgjer 18 prosent av alle melde lovbrot. På dei neste plassane kjem «Eigedomstjuveri» (1 836) og «Rusmiddellovbrot» (1 607).

Siste året har det vore nedgang i melde lovbrot for seks av dei ni lovbrotstypane SSB nyttar. Størst nedgang har det vore for eigedomstjuveri, der talet på melde lovbrot har gått ned frå 2 062 i 2016 til 1 836 i 2017, ein reduksjon på 11 prosent. Størst prosentvis nedgang har det vore for rusmiddellovbrot (-13 prosent). Her gjekk talet på melde lovbrot ned både i 2016 og 2017, etter ein topp i 2015.

Den lovbrotstypen som auka mest i 2017, var seksuallovbrot, der talet på melde lovbrot gjekk opp frå 394 i 2016 til 513 i 2017, ein auke på 30 prosent. Det var også 116 fleire melde lovbrot om vald og mishandling, ein auke på ni prosent.

For å kunne samanlikne kriminalitetsrata mellom ulike fylke og kommunar, kan ein dele faktisk melde lovbrot etter talet på innbyggarar i kommunen, eller per 1 000 innbyggarar som SSB nyttar. Det årlege gjennomsnittet for åra 2016 og 2017 plasserer Kristiansund øvst av kommunane i fylket med 61,6 melde lovbrot per 1 000 innbyggar. Dette er likevel ikkje så langt over landsgjennomsnittet, som er 60,2. Ålesund kjem deretter med 57,8. Lågast del melde lovbot i forhold til folketalet finn vi i kommunane Sandøy, Rindal, Haram og Midsund.