Næringsstruktur

Vekst i sysselsettinga igjen

I perioden 2014 til 2016 sank sysselsettinga kvart år. Frå 2016 til 2017 auka ho igjen, om enn berre med 233 personar eller 0,2 prosent. I eit femårig perspektiv er utviklinga i sysselsettinga framleis negativ i fylket, med ein nedgang på 3 408 sysselsette eller 2,6 prosent. For landet samla gjekk sysselsettinga kraftig ned frå 2014 til 2015, truleg grunna endra metode for produksjon av statistikken*, mens utviklinga i åra etter har vore positiv. I eit femårig perspektiv har landet samla ein vekst på 6 565 sysselsette eller 0,3 prosent.

Frå 2013 til 2017 er det offentleg administrasjon, forsvar og sosialforsikring, personleg tenesteyting og overnattingsog serveringsverksemd som har den største veksten, med høvesvis 9,3 prosent, 7,3 prosent og 6,9 prosent. Størst nedgang i den same perioden har det vore i næringane informasjon og kommunikasjon, bergverksdrift og industri, der nedgangen har vore høvesvis på 14,9 prosent, 14,4 prosent og 11,3 prosent.

Det er dei største næringane som også har hatt dei største endringane i tal sysselsette i femårsperioden frå 2013 til 2017. Den næringa som sysselsette flest, helse- og sosialtenester, har hatt ein vekst på 1 474 sysselsette, mens den nest største næringa, industrien, har hatt ein nedgang på 2 432 sysselsette i same periode.

Næringsstrukturen i fylket skil seg litt frå næringsstrukturen til landet sett under eitt. Særleg gjeld dette jordbruk, skogbruk og fiske, der den delen som arbeider innanfor næringa, er 74 prosent høgare i Møre og Romsdal enn i landet sett under eitt. Det er også ein høgare del som arbeider innanfor sekundærnæringane i fylket. Den delen som arbeider innanfor personleg tenesteyting, er 28 prosent lågare enn i landet samla, og innanfor offentleg administrasjon, forsvar og sosialforsikring er delen 21 prosent lågare.