Flytting

Sterkt redusert flytteoverskot frå utlandet

I begrepet flytting ligg fleire komponentar. Vi opererer med innflytting og utflytting der resultatet blir nettoflytting. Flytteoverskot har vi når denne summen er positiv, mens vi snakkar om flytteunderskot når det er negativt. Vi skil og mellom innanlandsk flytting og flytting til og frå utlandet (innvandring/utvandring).

Flytteoverskotet i Møre og Romsdal var i 2017 på 112 personar, ein nedgang frå året før på 401 personar. Innflyttinga til fylket var på 6 737 personar, mens 6 625 flytta ut. Både inn- og utflytting gjekk ned frå 2016.

I 2017 var flytteoverskotet frå utlandet på 1 191 personar og det innanlandske flytteunderskotet på 1 079 personar. Det innanlandske flytteunderskotet var noko lågare enn året før, men høgare enn det vi har hatt i gjennomsnitt dei siste fem åra (962). Flytteoverskotet frå utlandet var nesten 30 prosent lågare enn i 2016. Netto flytteoverskot frå utlandet var dermed meir enn halvert frå nivået i 2013/14.

I 2017 hadde 20 av 36 kommunane i Møre og Romsdal flytteoverskot. Går vi t.d. tilbake til 2012, var tilsvarande tal 28 kommunar. Ålesund toppar lista med 136 personar i flytteoverskot. På dei neste plassane finn vi Volda med 72 og Sula med 67. Sjølv om Ålesund hadde høgast flytteoverskot i fylket i 2017, var resultatet nesten halvert i høve til 2016. Også enkelte mindre sentrale kommunar hadde flytteoverskot i
2017, som t.d. Sandøy (23), Smøla (12) og Aure (10). 

Blant dei sju kommunane i fylket med innalands flytteoverskot i 2017 var det fleire mindre kommunar (folketal) enn vi har vore vane med tidlegare. Dette er kommunane Norddal, Sula, Giske, Aukra, Rindal og Sandøy.

I 2017 hadde Kristiansund det største flytteunderskotet med 141, ein auke på 53 frå året før. Kristiansund hadde og det største flyttunderskotet i 2016. Hareid med 51 personar i flytteunderskot, følgt av Midsund med 30 personar i flytteunderskot kjem på dei neste plassane. Begge desse kommunane hadde flytteunderskot også i 2016.

Akershus med størst flytteoverskot

Samla var det åtte fylke som hadde innanlands flytteoverskot i 2017. Alle, med unntak av Sør-Trøndelag, ligg sør for oss. Oslo hadde størst innanlands flyttunderskot, noko som i hovudsak skuldast flytting til Akershus.

Møre og Romsdal hadde i 2017 innanlands flytteoverskot frå seks andre fylke, mot to i 2016. Nord-Trøndelag med 50 og Nordland med 36 toppa lista. Størst innanlands flyttunderskot hadde vi mot Oslo (-383), og Sør-Trøndelag (-260).

Kvinnene utgjer flytteoverskotet

Tendensen frå 2016 med eit fleirtal kvinner i flytteoverskotet vart forsterka i 2017. Flytteoverskotet for menn var redusert frå +170 i 2016 til -18 i 2017. For kvinner var det også nedgang, frå +343 i 2016 til +130 i 2017. Det er aldersgruppa 30–49 år som sørger for flytteoverskotet blant kvinnene. For femårsperioden frå 2013 var det likevel eit fleirtal av menn i flytteoverskotet, 2 582 menn mot 2 353 kvinner.

Negativ utvikling i aldersgruppa 20–29 år

I aldersgruppa 20–29 år var det ein auke i flytteunderskotet på -286 personar frå 2016 til 2017, frå -247 til -533. Menn utgjorde over 70 prosent av auken i underskotet. Også i aldersgruppene frå 6–15 år var det ei klar forverring av flyttebalansen frå 2016 til 2017. I aldersgruppene 0–5 år og 30–39 år viste flyttebalansen ei betring frå 2016 på høvesvis +17 og +28.

Mange innvandrarar flyttar

I 2017 utgjorde folk med innvandrarbakgrunn over halvparten (52 prosent) av det innanlandske flyttetapet. Dette er ein lågare del enn vi har sett dei seinare år. Innvandrarbefolkninga er definert som innvandrarar og norskfødde barn av innvandrarar.