Fiskeri og havbruk

Fiskerifylket Møre og Romsdal!

Oppdrettsnæringa i fylket selde om lag 171 000 tonn matfisk til ein verdi av om lag 9 milliardar kroner i 2017. På landsbasis var verdien av salet på om lag 64,7 milliardar kroner på same tid. I alt vart det omsett kring 1 289 000 tonn fisk. Av det samla salet frå akvakulturnæringa på landsbasis utgjorde salet frå Møre og Romsdal 14,0 prosent av den samla verdien og 13,3 prosent av den samla mengda. Av det samla salet frå fylket utgjorde sal av laks 95,5 prosent, mens sal av regnbogeaure utgjorde dei resterande 4,5 prosentane. Møre og Romsdal er det tredje største fylket målt i verdien av sal av oppdrettsfisk, mens det er det fjerde største fylket målt i mengde (tonn) som er selt.

Målt i verdi er Møre og Romsdal størst i fangst etter fartøyets sin heimstadkommune, etterfølgd av Nordland og Hordaland. Også i verdi når det gjeld fangs etter landingskommune er Møre og Romsdal størst, etterfølgd av Troms og Nordland. Møre og Romsdal er også størst når det gjeld mengde fangst etter landingskommune. Målt i mengde fangst etter fartøyet sin heimstadkommune, er Nordland først, deretter Møre og Romsdal. I 2016 fanga fartøy frå Møre og Romsdal om lag 473 000 tonn fisk til ein verdi på 4,5 milliardar kroner. Til samanlikning vart det landa i alt om lag 460 000 tonn fisk i kommunane i fylket til ein verdi på om lag 4,7 milliardar kroner. For landet sett under eitt var den samla fiskefangsten til fartøy frå Noreg på om lag 2 millionar tonn fisk til ein verdi på om lag 18,7 milliardar kroner, mens det vart landa om lag 2,1 millionar tonn fisk i Noreg til ein verdi på 21,5 milliardar kroner.

Fartøy heimehørande i utlandet fiska om lag 386 000 tonn til ein verdi av om lag 3,7 milliardar kroner, mens dei landa om lag 347 000 tonn fisk i Noreg til ein verdi av om lag 790 millionar kroner.

Mindre mengd – høgare verdi

Frå 2000 til 2016 har fartøy heimehøyrande i Møre og Romsdal gått frå å fiske om lag 746 000 tonn fisk i 2000 til om lag 473 000 tonn i 2016. Rekordåret i perioden var 2002, då det vart fiska nær 800 000 tonn fisk av fartøy heimehøyrande i fylket. Verdien av fisken varierte med fangsten, men sidan 2010 har mengda fisk gått ned samtidig som verdien av fisken har auka. Til dømes gjekk mengda fisk ned med kring 16,5 prosent frå 2015 til 2016, mens verdien i same periode auka med om lag 1,0 prosent. 

Torsk og torskeartar utgjorde 51,2 prosent av verdien, om lag 2,3 milliardar kroner. Pelagisk fisk, altså fisk jakta fritt i havområda, som til dømes sild, makrell og lodde, utgjorde om lag 36,2 prosent eller om lag 1,6 milliardar kroner. Flatfisk og botnfisk utgjorde omtrent 8,4 prosent, kring 376 millionar, mens andre skaldyr og blautdyr utgjorde 2,8 prosent eller om lag 128 millionar kroner. Anna og uspesifisert fisk utgjorde kring 64 millionar eller 1,4 prosent. 

Færre fiskarar

Om vi dreg ei lang tidslinje tilbake til etterkrigstida, ser vi at talet på fiskarar har stupt frå om lag 112 000 på landsbasis og om lag 14 000 i Møre og Romsdal i 1945 til om lag 11 000 på landsbasis og om lag 2 000 i fylket i 2016. Nedgangen er på 90,0 prosent for landet samla og 84,6 prosent i Møre og Romsdal. Ser vi på endringane i eit kortare perspektiv, finn vi at trenden er den same: Det blir færre fiskarar. Frå 2005 til 2016 gjekk talet på fiskarar ned med 27,7 prosent på landsbasis og 33,4 prosent i Møre og Romsdal. Frå 2015 til 2016 var det ein svak vekst på 106 fiskarar i landet, og 40 av dei var heimehøyrande i Møre og Romsdal.