Arkeologisk kulturminne

Busettingsspor og graver dominerer det arkeologiske materialet

Fram til ca 1990 var fornminne nesten det same som gravminne og gravfelt. Introduksjonen av nye arkeologiske metodar har resultert i fleire spor etter busetting, jordbruk og andre daglege aktivitetar. Statistikken viser nå ulike former for busetting- og aktivitetsområde som dominerer det arkeologiske kjeldematerialet i Møre og Romsdal, etterfølgd av gravminne og gravfelt. Busettingsområda omfattar både steinalderbuplassar og seinare gardar og jordbruksbuplassar. Bruken av metalldetektorar har også bidratt til å auke talet på funnstadar, det vil seie gjenstandsfunn utan kontekst. 

Stabile resultat frå arkeologiske registreringar

Møre og Romsdal fylkeskommune fører statistikk over sine arkeologiske registreringsprosjekt, slik Kulturminnelova § 9 krev. Statistikken viser stor stabilitet dei siste fem åra, både i talet på registreringar og i resultatet av dei. Snittet dei siste fire åra ligg på 99,2 prosjekt i året, og det blir i snitt gjort arkeologiske funn i 49,2 av desse. Statistikken viser ikkje omfanget av kvart prosjekt, og heller ikkje kor mange funn som er gjort i kvart prosjekt.

Møre og Romsdal ligg høgt i talet på dispensasjonar

Tal frå Riksantikvaren viser at Møre og Romsdal ligg høgt i talet på dispensasjonar frå Kulturminnelova. Statistikken viser kor ofte arkeologiske kulturminne kjem i konflikt med små og store utbyggingsprosjekt, og at det av den grunn blir  gitt løyve til inngrep i kulturminna. Dette kan både vere uttrykk for talet på arkeologiske kulturminne, byggeaktiviteten i samfunnet og det geografiske og topografiske samanfallet mellom desse faktorane. Rogaland dominerer statistikken, men Møre og Romsdal er topp tre dei siste fire åra.