Tildelingar frå Forskningsrådet

Mindre til Møre og Romsdal frå Forskingsrådet 

Dei totale løyvingane frå Forskingsrådet auka med 261 mill. kroner frå 2016 til 2017. Fleire fylke opplevde likevel ein reduksjon i løyvingane i 2017. I Møre og Romsdal vart løyvingane redusert med 8 mill. kroner. Fylka med dei store breiddeuniversiteta, inkludert Akershus, fekk om lag 86 prosent av dei samla løyvingane frå Forskingsrådet. Forskingsmidlane som går til Møre og Romsdal, utgjorde om lag 1,2 prosent av den samla løyvinga frå Forskingsrådet i 2017. Løyvingane frå Forskingsrådet til næringslivet auka med om lag 70 mill. kroner frå 2016–2017, ein auke på 4,5 prosent. I Møre og Romsdal vart løyvingane likevel redusert med om lag 8 mill. kroner, som svarer til 6,7 prosent. Næringslivet i Møre og Romsdal hevdar seg likevel godt i konkurransen om forskingsmidlane når vi ser vekk frå dei største universitetsfylka. Oslo, Akershus og Sør-Trøndelag fekk til saman vel 53 prosent av næringsretta løyvingar frå Forskingsrådet.