Elevane sine utdanningsønskje

Auke i søkinga til helse- og oppvekstfag   

Då søknadsfristen gjekk ut 1. mars, hadde 3 459 ungdomar søkt om skoleplass på Vg1 for skoleåret 2018/2019. Dette er 175 færre enn i fjor. Mindre årskull og færre elevar som gjer omval, er hovudgrunnane til nedgangen.

Kva ungdom søker på, varierer ein god del frå år til år. Våren 2018 var det størst auke i søkinga til naturbruk. I alt 166 hadde dette utdanningsprogrammet som førsteønske mot 133 i fjor, ein auke på 24 prosent. Etter ein markant tilbakegang i søkinga til teknikk og industriell produksjon (TIP) i 2017, er søkinga til dette utdanningsprogrammet betre i år. Om lag 9 prosent fleire søker TIP i år. 

Til dei studiespesialiserande tilboda viser søkinga ein samla nedgang på om lag 10 prosent. 45 prosent av dei med ungdomsrett søkte seg til studiespesialisering.

Nedgangen i søkinga til restaurant- og matfag held fram. Berre 82 søkarar hadde dette utdanningsprogrammet som primærønske, ein nedgang på 17 prosent. Design og handverk hadde 73 primærsøkarar, ein nedgang på nesten 9 prosent. Også elektro, som er eit populært fag, hadde 5 prosent færre søkarar i år.

Det er gledelig å sjå at helse- og oppvekstfaget, eit yrke der det er stort behov for fagfolk, framleis har auke i søkinga på om lag 4 prosent. Helse- og oppvekstfag er yrkesfaget med størst søking. Så mange som 469 hadde dette som
førsteønske. 

Kjønnsubalansen i søkinga til vidaregåande opplæring held fram. Av 175 søkarar til bygg- og anleggsteknikk i vår var 10 jenter, altså rundt 5 prosent. Av 470 søkarar til helse- og oppvekstfag var det 52 menn, eller 11 prosent. Og 2/3 av søkarane til studiespesialisering er no jenter. 

Den skeive søkinga til enkelte fag gjer at vi no har fire skolar i fylket med rundt 70 prosent jenter.