Trafikkulykker

Auke i trafikkulykker i Møre og Romsdal    

Førebelse tal viser 106 drepne i vegtrafikkulykker i Noreg i 2017. Dette er det lågaste talet på drepne i vegtrafikken i Noreg på 70 år. Den positive utviklinga nasjonalt gjaldt dessverre ikkje for Møre og Romsdal i 2017, for her vart sju drepne i trafikken siste år mot fem i 2016.

På landsbasis har det vore ein reduksjon i talet på drepne for alle trafikantgrupper frå 2016 til 2017. Samlegruppa «Andre trafikantar» (ATV, traktor, snøscooter m.m) utgjer den største nedgangen. 

Dersom vi ser på tal omkomne og hardt skadde i trafikken for eittårige aldersgrupper, finn vi at risikoen var størst for 16-åringane med 43 omkomne og hardt skadde per 100 000 innbyggarar i landet i 2017.

Det vart i 2017 registrert 254 ulykker med personskade i Møre og Romsdal, 25 fleire enn i 2016. Talet på skadde totalt var 304, sju færre enn i 2016. Men skil vi ut talet som vart hardt skadde (livstruande eller fått varig men), finn vi ein auke frå 27 i 2016 til 40 i 2017. 

Bilførarane utgjorde 57 prosent av dei skadde, bilpassasjerane 18 prosent og motorsyklistane (inkl. lett) 11 prosent. Syklistar og fotgjengarar stod for 14 prosent til saman. 15 personar vart skadde i sykkelulykker i 2017 mot 10 i 2016.

Stortinget har gjennom NTP 2018–2029 fastsett mål for trafikksikkerheit. Målet om maksimalt 350 drepne og hardt skadde innan 2030 krev systematisk arbeid og økonomiske rammer. For fylket vårt er målet 59 prosent reduksjon i talet på drepne og hardt skadde i 2030 samanlikna med gjennomsnitt for 2004–2016.