Sysselsetting alle næringar

Nest svakast vekst av fylka

Endringa i talet på sysselsette frå fjerde kvartal 2016 til fjerde kvartal 2017 viser at Møre og Romsdal hadde nest lågast vekst av alle fylka. Sysselsettinga i fylket auka berre med 233, ein vekst på 0,2 prosent. Berre Oppland hadde ei svakare utvikling, med ein auke på 33 sysselsette, noko som betyr at veksten der var lågare enn ein promille av sysselsettinga året før. Sterkast vekst hadde Oslo, med 2,4 prosent og Sør-Trøndelag med 2,1 prosent. I landet sett under eitt var veksten på 1,3 prosent. Alle fylka hadde positiv utvikling i sysselsettinga.

Landet samla og fem av fylka, Østfold, Akershus, Oslo, Buskerud og Sør-Trøndelag, hadde vekst i sysselsettinga i alle aldersgruppene. I Møre og Romsdal gjekk sysselsettinga ned i aldersgruppene 20-24 år, 40-54 år og 55-66 år, mens ho auka i aldersgruppene 15-19 år, 25-39 år og 65-74 år. Den sterkaste veksten på landsbasis kom i aldersgruppa 67-74 år, med 2,8 prosent

Best utvikling i Kristiansund

20 av kommunane i fylket hadde vekst i sysselsettinga i perioden, mens 16 hadde nedgang. Størst vekst hadde Kristiansund, med 242 fleire sysselsette, noko som er meir enn den samla veksten i fylket. Ålesund hadde ein nedgang på 149 sysselsette, mens sysselsettinga i Molde auka med berre fem personar. Den sterkaste prosentvise veksten var i Aure, med 4,4 prosent, mens Aukra hadde det største prosentvise fallet i sysselsettinga, med -9,1 prosent.

På Sunnmøre hadde ni kommunar vekst i sysselsettinga, mens åtte hadde nedgang. Romsdal hadde sysselsettingsvekst i fire og nedgang i fire kommunar. På Nordmøre var det vekst i sju kommunar og nedgang i fire. Tendensen med sterkast vekst i byane og dei bynære kommunane ser vi ikkje i utviklinga frå fjerde kvartal 2016 til fjerde kvartal 2017. I perioden var det vekst i indre delar av fylket og både nord og sør i fylket.