Landbruk

Mindre dyrka jord – dårlegare samfunnsberedskap

Det siste tiåret har nesten 9 prosent av den dyrka jorda i Møre og Romsdal gått ut av aktiv drift. Denne trenden, som vi har hatt over fleire tiår, speglar utviklinga i både landbruket og i samfunnet rundt.

Vi har færre, men større gardsbruk, og bøndene må bruke mykje av tida til å transportere fôr og gjødsel. I nokre bygder er det stor mangel på dyrkajord, i andre er etterspørselen liten. Landbrukskommunen Fræna har størst reduksjon i dyrka mark målt i dekar, men i prosentvis endring er nedgangen størst i Sula (-30,4), Hareid (-29,4), Ørskog (-26,0) og Skodje (-23,8). 33 av 36 kommunar har reduksjon i dyrka mark dei siste ti åra. 

Dette arealet er potensielt ein viktig ressurs for aktive bønder og ein viktig buffer i møte med uventa situasjonar, slik som tørkesommaren 2018. Dyrka jord som ikkje blir stelt, går fort tilbake til naturen. 

Den største avgangen i tal dekar er i fulldyrka jord, men i prosent er avgangen størst i overflatedyrka. Halvparten av den overflatedyrka jorda blir ikkje lenger drive. 

Tidleg gjødsling gir miljøfordelar for bønder og samfunn

I 2013 innførte Fylkesmannen miljøtiltak i regionalt miljøprogram for å stimulere til meir miljøretta bruk av husdyrgjødsla. I 2013 vart gjødsla spreidd tidleg på nesten 110 000 dekar, og med tilførselsslangar på 8 750 dekar. Det går klart fram at bøndene i fleire kommunar spreier gjødsla på meir miljøretta måte no, (146 641 dekar i 2017) og dei får mange fordelar av det. 

Spreiing når plantene nyttar gjødsla best, fører til mindre utslepp av klimagassar og mindre innkjøpt handelsgjødsel. Når gjødsla blir spreidd med tilførselsslangar, sleper traktoren ein slange etter seg, og gjødsla blir lagt ned i striper. Det gir mindre jordpakking, betre jordstruktur, lågare utslepp av klimagassar, betre utnytting av gjødsla og mindre lukt i nabolaget.

Miljøgevinst i frakt av tømmer

Figuren viser hogst i tidsrommet 2015–2017, og kor mykje tømmer som er frakta ut av skogen med 60 tonns vogntog. Av 285 000 kubikkmeter i 2017 vart 99 500 frakta på 60 tonns vogntog. 

Fylkesmannen, Vegvesenet og kommunane har samarbeidd om å fjerne flaskehalsar i vegnettet. Halvfulle tømmerbilar er mange plassar erstatta med fullasta, med lang hengar. Det har ført til store gevinstar: om lag 700 færre turar, som svarer til 30 000 kg lågare utslepp av karbondioksid. 30 000 kg karbondioksid svarar til om lag 230 000 km med personbil. 

Miljøgevinsten er tydeleg, og det same er kostnadane for skogeigaren med spart frakt på 10 kroner per kubikkmeter og mindre trafikk i lokalmiljøa.

 Auka hogst, men for lite nyplanting

Innbetalt og utbetalt på Skogfond 2012–2017 er ein indikator på aktiviteten i skogbruket. Skogeigarane må skyte litt av tømmeroppgjeret inn i ein skogfondskonto, 4–40 prosent av bruttoverdien på tømmeret. Skogfond skal sikre finansiering av ei berekraftig forvaltning av skogressursane på eigedomen. Fondet blir brukt til tiltak som t.d. planting, ungskogpleie eller vegbygging. Tiltak for å få opp ny skog har prioritet.

Innbetalinga til fondet auka frå 5,4 til 12,2 mill. kroner i perioden, og saldoen er no over 50 mill. kroner for Møre og Romsdal. Det viser at hogsten har auka kraftig, men han minka litt i 2017, mens utbetalingane (bruken) er langt mindre. 

Det er aukande sprik mellom det som blir innbetalt og utbetalt, noko som tyder på for låg aktivitet i planting og skogkulturarbeid etter hogst. I 2017 var det ein tydeleg auke i bruken av skogfondsmidlar, dvs. meir aktivitet i arbeid etter hogst i skogen. Den auka bruken av skogfond i 2017 har gått til andre føremål enn planting. Planting skjer først tre år etter hogsten for å hindre at gransnutebiller et borken på nyplanta gran.