Økonomiske indikatorar

Nedgang i netto driftsresultat for kommunane i Møre og Romsdal   

Netto driftsresultat er den leiande indikatoren for den økonomiske statusen i ein kommune. I 2017 var gjennomsnittleg netto driftsresultat på 3,3 prosent for kommunane, ei svekking på 5,7 prosent frå 2016. Korrigert for Aukra kommune er netto driftsresultat for Møre og Romsdal i 2017 på 2,2 prosent. I alt 16 kommunar har eit netto driftsresultat som er lågare enn tilrådinga frå Teknisk beregningsutvalg (TBU) på 1,75 prosent. Det gir grunn til uro med tanke på at kommunane i 2016 og 2017 hadde ekstraordinære inntekter. Kommunane har auka utgiftene sine gjennom auka drift og investeringar. Dette gjer at vi no ser ein nedgang i netto driftsresultat. I alt 20 av kommunane leverer resultat over tilrådinga frå TBU.

Dei største sektorane er helse og omsorg, grunnskole og barnehage. Saman står desse sektorane for 76,5 prosent av kommunen sine driftsutgifter. Det er ein markant auke for dei tre største kommunane i fylket på helse og omsorg, mens det er uendra på grunnskolesektoren og ein tilbakegang på barnehage. Møre og Romsdal bruker om lag 10 prosent meir på sektoren helse og sosial enn landet utanom Oslo, mens bruken er tilnærma uendra på dei to andre nemnde sektorane. Når ein ser at kostnadane veks årleg, så indikerer det også at kommunane må gjere omfattande grep for å levere berekraftige tenester til innbyggarane i åra som kjem.

Kommunane i Møre og Romsdal hadde færre midlar på disposisjonsfond i 2017. Sjølv om snittet for kommunane i Møre og Romsdal låg over tilrådd minste margin på 5 prosent, viser oppstillinga at heile 16 kommunar hadde lågare margin enn det som er tilrådd. Dette var tilfelle i ei tid då kommunane hadde hatt ekstraordinære inntekter.

Møre og Romsdal kan vise til ein årleg vekst i disposisjonsfond, men hadde markert lågare nivå enn landet utan Oslo. Konsekvensen av låge disponible midlar er at kommunane er meir sårbare, og då heilt avhengige av å få drifta til å gå i balanse for å levere eit berekraftig tilbod til innbyggarane sine, og for å unngå eit meirforbruk. Låge eller ingen tilgjengelege midlar vil, ved ein auke i rentekostnadane, medføre endring i driftsnivået i kommunane, og konsekvensen av det er færre midlar til tenestetilbodet til innbyggarane. Tabellen viser at snittet for disposisjonsfond i Møre og Romsdal, korrigert for Aukra kommune, er på 6,1 prosent. Dette er 38 prosent lågare enn landet utan Oslo.