Sysselsetting innvandrarar

Høgare del sysselsette enn på landsbasis

Sysselsettinga blant innvandrarar er høgare i Møre og Romsdal enn på landsbasis. Delen innvandrarar som er sysselsette i Møre og Romsdal, er 63,3 prosent mot 61,1 prosent i landet sett under eitt. Det gjeld også befolkninga eksklusiv innvandrarane, der sysselsettingsdelen i Møre og Romsdal er 67,2 prosent, 0,2 prosentpoeng høgare enn i landet sett under eitt. Ser vi heile befolkninga samla, finn vi at den delen som er sysselsett i Møre og Romsdal, er 66,7 prosent mot 66,0 prosent på landsbasis.

Dei sysselsette innvandrarane kan delast inn i to ulike grupper etter kva landbakgrunn dei har. Gruppe 1 består av innvandrarar frå EU/EFTA, Nord-Amerika, Australia og New Zealand mens gruppe 2 består av innvandrarar frå Asia, Tyrkia, Afrika, Latin-Amerika, Europa utanom EU/ EFTA, Oceania utanom Australia og New Zealand. Det er fleire med bakgrunn som arbeidsinnvandrarar i gruppe 1 enn i gruppe 2, og det finn vi att i sysselsettingstala. Gruppe 1 utgjer om lag 65 prosent av dei sysselsette innvandrarane i fylket, mens gruppe 2 utgjer dei resterande 35 prosentane. Den delen som er sysselsett blant innvandrarane i gruppe 1 i fylket, er 70,8 prosent, noko som er høgare enn i gruppe 2 (52,7 prosent), men også høgare enn i befolkninga eksklusiv innvandrarar (67,2 prosent). 

For landet samla utgjer innvandrarar 15,6 prosent av alle dei sysselsette, mens dei i Møre og Romsdal utgjer 12,7 prosent. Flest sysselsette innvandrarar finn vi i Ålesund, Molde og Kristiansund. Dei kommunane (bustadkommune) der innvandrarane utgjer størst relativ del av den samla sysselsettinga, er Sande og Stranda, der innvandrarane som er busett i kommunen, utgjer over 20 prosent av sysselsettinga. Innvandrarane utgjer lågast del av dei sysselsette i Rindal og Surnadal.