Pendling

Mest integrerte arbeidsmarknadar på Sunnmøre

Den moderate auken i pendlaraktivitet vi såg i fjor, etter den kraftige nedgangen frå 2014 til 2015, heldt fram også i 2017. I SSB sin statistikk kjem det fram at pendling frå kommunar i fylket til kommunar utanfor fylket i fjor auka med 507 personar etter fleire år med nedgang. Om lag halvparten av denne auken i utpendling skuldast ei feilregistring ved NTNU (sjå under). Pendling inn til fylket hadde ein svært moderat auke på ti personar i 2017.

Størst auke i innpendling ser vi i Kristiansund, der det ved utgangen av 2017 var 188 fleire som pendla inn enn eit år tidlegare. Dette gir nordmørsbyen ei innpendling på 1 948 personar, noko som svarer til 17,2 prosent av dei sysselsette i kommunen. Også Sula, med 101 fleire innpendlarar, kan registrere ein solid auke. Det er ikkje berre byane og dei bynære kommunane som har auka innpendling. Også kommunar som Rauma (+86), Surnadal (+59) og Aure (+33) fekk auka innpendling. Frå å ha størst auke i 2016 har Ålesund i 2017 den største nedgangen i innpendling med 116, og den klart største auken i utpendling med 375. Det siste skuldast i stor grad ein feil i statistikken, då alle tilsette ved NTNU i Ålesund ved ein feil er registrert med arbeidsstad Trondheim etter fusjonen mellom NTNU og Høgskolen i Ålesund. 

Skodje er pendlarkommune nummer ein i Møre og Romsdal. Kommunen toppar listene om vi ser på «innpendling i prosent av sysselsette» (47,7 prosent) og også om vi ser på «utpendling i prosent av busette arbeidstakarar» (65,2 prosent).I begge tilfella er dette ein auke frå året før. 

Av dei ti kommunane med høgast prosent innpendling av sysselsette i kommunen er åtte sunnmørskommunar. Berre Molde og Aukra på åttande og niandeplass når opp av andre kommunar. Dette viser at bu- og arbeidsmarknadane er større og meir integrerte på Sunnmøre enn i resten av fylket.