Jordmødre og heimebesøk ved fødsel

Behov for fleire jordmødre i kommunane

Etter at liggetida på barselavdelingane på sjukehusa har vorte kortare, er det lagt opp til at jordmor og helsesøster i kommunane skal stå for barseloppfølginga i heimen. 

Sjølv om det i lang tid har vore brei politisk semje om å styrke jordmortenesta, er over ein tredjedel av landets kommunar utan eiga jordmor. Dette viser tal som kommunane sjølv har rapportert inn i KOSTRA for 2017. Jordmordekninga nasjonalt per 10 000 barn 0–5 år var 11,3 årsverk. I Møre og Romsdal var dekninga noko høgare, med 12,2 årsverk. I 2017 hadde kommunane Eide og Halsa den beste jordmordekninga i fylket.

I Møre og Romsdal har 11 kommunar oppgitt null årsverk for jordmor. Ytterlegare 11 kommunar har under eitt årsverk i jordmortenesta. Kommunane i Møre og Romsdal hadde i 2017 totalt 21,4 årsverk med utdanna jordmor. Molde, Surnadal og Rindal er ikkje med i dette talet, da kommunane ikkje har registret dette i KOSTRA. I 2016 var totalen for kommunane i fylket 20,3 årsverk, ein auke på fem prosent. Auken nasjonalt frå 2016 til 2017 var 13 prosent.

Helsedirektoratet sine retningslinjer seier at alle skal få heimebesøk frå helsesøster innan sju til ti dagar etter heimkomst frå fødestua og frå jordmor i løpet av dei første tre døgna. Dette klarte berre seks av ti kommunar i Noreg å innfri i 2017. I Møre og Romsdal var det 25 kommunar i 2017 som ikkje fekk til å besøke alle etter fødselen. Tingvoll kom best ut med meir enn eitt besøk per nyfødd. Dårlegast ut kom dei nyfødde i Averøy kommune. Her fekk berre 17 prosent besøk heime innan to veker etter heimkomst. Av alle nyfødde i Møre og Romsdal i 2017 fekk 92 prosent heimebesøk, same del som i 2015. Berre halvparten av kommunane hadde auke frå 2015 til 2017.