Politisk deltaking og representasjon

Underrepresentasjon i kommunestyra    

Resultata frå kommunevalet i 2015 viser at både kvinner, unge og eldre er underrepresentert i kommunestyra. Valet i 2015 gav ein samla kvinnedel i kommunestyra på 38,2 prosent, ein auke på 2,3 prosentpoeng frå valet i 2011. Med 38,2 prosent ligg Møre og Romsdal nær landsgjennomsnittet som er 39,0.

Samla sett ligg kommunane i Møre og Romsdal også nær landsgjennomsnittet i talet på kommunestyrerepresentantar i alderen 18 til 29 år, med 8,9 prosent mot 9,3 prosent nasjonalt. Til samanlikning utgjer gruppa 18–29 år rundt 19 prosent av dei røysteføre i Møre og Romsdal. 

Fleire unge kvinner enn unge menn er med i kommunestyra i Møre og Romsdal. I alderen 18–29 år er det 42 kvinner mot 38 menn. I gruppa 30–39 år er det 71 kvinner og 61 menn. Dette ser ut til å vere trenden også i dei fleste andre fylka.

Det er svært stor forskjell mellom kommunane i kor stor grad dei har lukkast med å få ungdom med i kommunestyra. Smøla er i ein klasse for seg, for der utgjer gruppa mellom 18 og 29 år 28,6 prosent av kommunestyret. Også i kommunane Gjemnes og Ålesund utgjer 18-29-åringane over 20 prosent. I sju kommunar i Møre og Romsdal var ikkje gruppa 18-29 år representert i kommunestyret i det heile.

Gruppa 60 år og eldre utgjer om lag 32 prosent av dei røysteføre i Møre og Romsdal. I kommunestyra i fylket utgjer denne gruppa til saman 20,9 prosent av representantane. 

Det er opp til partia og veljarane om vi skal få til ytterlegare utjamning i alders- og kjønnsrepresentasjon i 2019. Det er ei utfordring at ungdom også i mindre grad deltar i val enn resten av befolkninga. Ungdommane i Møre og Romsdal er også dårlegare enn landsgjennomsnittet. For gruppa 18–19 år var valdeltakinga ved førre kommuneval i Møre og Romsdal i gjennomsnitt 42,1 prosent, mot 48,3 prosent nasjonalt.