Lokale folkeavstemmingar

Flest lokale folkeavstemmingar i Møre og Romsdal    

Møre og Romsdal har sidan 1970 hatt 150 lokale folkeavstemmingar. Ikkje noko fylke har hatt fleire avstemmingar om målform, alkohol og territorielle spørsmål. Nord-Trøndelag har også hatt mange lokale folkeavstemmingar. Her har det vore halde like mange avstemmingar om målform som i Møre og Romsdal, men ein del færre om territorielle spørsmål og alkohol.

Avstemmingar om alkohol gjeld mellom anna oppretting av vinmonopol og sal av øl. Målform er om val av målform i grunnskolen. Territorielle avstemmingar inkluderer tema som kommunesamanslåingar, kommunegrensereguleringar og kommune-/fylkestilknyting. I kategorien krets og identitet er avstemmingar som gjeld samanslåing av skolekretsar, oppretting av nye skolar og nedlegging av eksisterande skolar. Identitetsavstemmingar gjeld eksempelvis bystatusavklaringar, eller namn på kommune eller krets. Folkeavstemmingar om miljø gjeld tema som etablering av vindmølleparkar, utbygging av vassdrag, vegutbygging og anna infrastruktur, forsvar av verneverdige område eller bygningar etc.

Det vart gjennomført rekordmange (204) folkeavstemmingar i Noreg i 2016, 31 av desse var i Møre og Romsdal, alle om kommunesamanslåingar. I 2017 var talet på lokale folkeavstemmingar i Noreg nede på åtte, tre av desse i Møre og Romsdal. I kommunane Herøy og Sande var det folkeavstemming om kommunesamanslåing, her deltok 21,1 prosent av dei røysteføre i Herøy og 39,5 prosent av dei med stemmerett i Sande. Folkeavstemmingar om kommunesamanslåing har generelt hatt låg valdeltaking, gjennomsnittet for avstemmingane i Noreg i 2016 var 37,9 prosent.

I Gjøra skolekrets i Sunndal vart det i 2017 halde avstemming om målform, her vart det fleirtal for å endre skriftspråk frå nynorsk til bokmål. Valdeltakinga var 71,2 prosent.