Planstatus for ny bustadar

Nye bustadar er i samsvar med overordna plan

I dei fleste kommunane ser bustadbygginga i 2017 ut til å vere godt i samsvar med overordna arealbruksplanlegging. Samla sett ligg mindre enn ti prosent av godkjende bustadar utanfor areal som er planlagt til bustadar i kommuneplanane. Ut frå det vi elles veit om dispensasjonar frå plan, kan ein dermed slå fast at dei aller fleste dispensasjonar ikkje gjeld nye bustadar, men tiltak som er mindre omfattande og mindre avgjerande for infrastrukturen, i alle fall i 2017. Dette gir også grunnlag for å tru at kommunane i stor grad er lojale til eigne planar. 

På detaljplannivået er avviket betydeleg større. Over tjue prosent av godkjende bustadar er bygd på areal som ikkje er detaljregulert. Dette speglar nok først og fremst at reguleringsprosessar er kostbare, og at private tomteeigarar ikkje ser seg tente med å regulere når det er uvisst kva tidsperspektiv som ligg i tomtesal og utbygging. Dette gjeld sjølv om overordna plan føreset detaljregulering.

I arealbrukssamanheng er dette ei utfordring berre når den nye, enkelte bustaden gjennom si plassering i området legg viktige føringar for korleis resten av arealet kan utnyttast. Vi har ikkje kunnskap om situasjonen her.

Tabellen er basert på Matrikkelregisteret og kart frå dei kommunale planregistra. Vi må ta atterhald om feil som kan skuldast at desse ikkje er heilt ajourført. Statstikken gir berre eit augneblinksbilde. Sidan plansituasjonen ikkje kan tilbakedaterast utan svært omfattande arbeid, har vi førebels ikkje etablert nokon tidsserie. Gitt at tala er små, og at det kan vere betydelege årsvariasjonar, er det sjølvsagt heller ikkje grunnlag for å dra konklusjonar om kvar enkelt kommune, ut over at tabellen gir eit inntrykk av kvar aktiviteten var stor i 2017.