Reiseliv

Campingplassane er reiselivsvinnarane

Møre og Romsdal hadde i 2017 totalt 1 482 820 overnattingar på hotell, campingplassar, hyttegrender og vandreheimar. Dette er ein auke på 2,4 prosent samanlikna med 2016. Nordmenn er den desidert største og viktigaste kundegruppa med 960 556 gjestedøgn ved kommersielle anlegg i fylket. Dei utgjer 64,8 prosent av det totale talet på overnattingar i fylket. Den største auken stod likevel utanlandske gjestar for. 522 264 overnattingar er ein auke på 4,8 prosent samanlikna med 2016. Auken i norske gjestedøgn var på 1,1 prosent. Dei viktigaste marknadane for Møre og Romsdal er, forutan nordmenn, Tyskland, Sverige, Nederland og Storbritannia som alle, unntatt Storbritannia (nedgang på 2,0 prosent), viser ein fin auke. Talet på besøk frå meir fjerntliggande land som USA og Kina hadde også ei fin utvikling. 

Den største auken frå 2016 til 2017 var på 5,0 prosent og kom på campingplassar og hyttegrender. Hotellsegmentet hadde i same periode ein auke på 1,0 prosent.

Møre og Romsdal hadde 4,5 prosent av alle overnattingar i Noreg og 18,3 prosent av totale overnattingar i Fjord Norge-regionen i 2017.

I tillegg kjem cruise- og hurtigruteturistane samt privat utleige som mellom anna AirBnB. Cruise- og hurtigruteturistane blir rekna som dagsturistar sidan dei ikkje overnattar i land. Møre og Romsdal er det største cruisefylket på vestlandet og 683 941 cruisepassasjerar besøkte fylket i 2017 fordelt på 418 cruiseanløp. Dette er ein auke på 5,8 prosent i talet på anløp og ein auke på 4,6 prosent i talet på dagspassasjerar samanlikna med 2016. Geiranger var den andre mest besøkte hamna i landet, etter Bergen. I perioden januar–juni 2018 hadde Møre og Romsdal 624 779 overnattingar ved hotell, campingplassar, hyttegrender og vandreheimar, ein auke på 7,4 prosent samanlikna med same periode i 2017.