Gjennomføring vidaregåande opplæring

Auke i delen som fullfører vidaregåande skole

Eit viktig mål for samfunnet er at flest mogleg elevar og lærlingar skal fullføre og bestå vidaregåande opplæring. 76,0 prosent av elevane som starta vidaregåande skole i fylket i 2012, fullførte i løpet av 5 år. Det er 1,6 prosentpoeng høgare enn for landet og 2,7 prosentpoeng høgare enn for 2009-kullet i Møre og Romsdal.

Med ei gjennomføring på 76,0 prosent plasserer Møre og Romsdal seg på ein femteplass av fylka. Akershus kjem på topp med ei gjennomføring på 80,0 prosent.

Det er framleis markant høgare gjennomføring på studieførebuande utdanningsprogram enn på yrkesfaglege utdanningsprogram. 90,1 prosent av elevane på studieførebuande utdanningsprogram i vårt fylke fullfører og består etter fem år, mens talet for yrkesfaglege utdanningsprogram er 63,4 prosent. Dei nasjonale tala for dette er 87,5 for studieførebuande og 60,3 for yrkesfaglege utdanningsprogram.

Av elevane som ikkje fullfører og består, er seks prosent framleis er i opplæring etter fem år. Fire prosent har gått opp til avsluttande eksamenar eller fagprøve, men ikkje bestått. Det er verd å merke seg at ein stor del av desse består opplæringa etter at meir enn fem år er gått. 

Som tidlegare år er det store forskjellar mellom kommunane når det gjeld gjennomføring av vidaregåande opplæring*. Det er vanskeleg å finne klare samanhengar i desse tala. Når ein les tala, må ein vere klar over at kulla kan vere små i enkelte kommunar, og at resultatet for enkeltelevar kan bety mykje for totalen. Dette gjer at tala kan svinge ganske mykje frå år til år.

For 2012-kullet var Norddal best med ei fullføring på 87,1 prosent i løpet av 5 år. Sunndal, Herøy, Smøla, Sykkylven og Ørskog har også over 80 prosent. Lågast er Surnadal med 66,3 prosent og Eide med 68,2 prosent.

*Merk at dette er tal for elevar som kjem frå aktuelle kommunar, og at dei kan gå på ulike vidaregåande skolar.