Elbilar

Redusert klimagassutslepp frå vegtrafikken

I 2017 var utsleppet av klimagassar i Noreg på 52,4 millionar tonn CO2-ekvivalentar (førebelse tal frå Statistisk Sentralbyrå). Det er 1,2 millionar tonn høgare enn i 1990, ein auke på 2,4 prosent. Utsleppa har ikkje auka jamt. Nokre år har også utsleppa gått ned, og det viser også utviklinga dei siste to åra. Klimagassutsleppa i Noreg gjekk ned med 1,7 prosent i 2017 samanlikna med 2016 og var i 2017 nede på nivået frå 2009. Det kan tyde på at tiltak har virka. 

Transport, inkludert vegtrafikk og annan transport, er den største kjelda til klimagassutslepp i Noreg. Hovudårsaka til nedgangen i klimagassutsleppa i 2017 er, ifølge SSB, redusert forbruk av fossile brensel i vegtrafikken. Sjølv med auke i køyrelengda og i talet på registrerte køyretøy i 2017, gjekk klimagassutsleppa frå vegtrafikken ned. I tillegg til biodrivstoff kan ein auke i talet på hybrid- og elbilar det siste året forklare nedgangen. Hybrid- og elbilar stod til saman for rundt 10 prosent av all køyring med norske personbilar i fjor.

Talet på elbilar i Møre og Romsdal har auka frå 990 i 2014 til 3 366 i 2018. Det er estimert at elbilane no utgjer 2,3 prosent av personbilane i Møre og Romsdal. Dette er lågare enn estimatet for landet, som er 5,1 prosent. Averøy skil seg ut med ein elbildel på 12,6 prosent og deretter kjem Giske med 3,2 prosent.

Møre og Romsdal fylkeskommune er pådrivar for at det skal etablerast minst to hurtigladestasjonar i kvar kommune (Ein ladestasjon kan innehalde fleire ladepunkt). Det er til no etablert 31 hurtigladarar. Ved utgangen av 2017 var det 373 offentleg tilgjengelege ladepunkt i Møre og Romsdal, 299 normal-ladarar (3,6 kW–22kW) og 75 hurtigladepunkt (over 22 kW). I revidert parkeringsforskrift frå 2017 er det krav om at seks prosent av parkeringsplassane skal kunne tilby lading.