Eksport

Over 40 milliardar i eksport frå Møre og Romsdal   

Eksporten frå Møre og Romsdal auka frå 2016 til 2017 med om lag 3,5 prosent, og passerte i 2017 for første gong ein samla verdi på over 40 milliardar. Den samla eksportverdien frå landet samla auka med i overkant av 8,2 prosent frå 2016 til 2017. Trass i dette var Møre og Romsdal det nest største eksportfylket i landet i 2017, slik vi også var i 2016. Utviklinga første halvår 2018 er ikkje like sterk, og til no i år har Rogaland passert oss på rangeringa av norske eksportfylke.

Det er framleis kystfylka på vestlandet som pregar norsk eksportstatistikk. Om lag 45 prosent av all fastlandseksport som kan sporast til eit bestemt fylke, har sitt opphav i fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. For Møre og Romsdal åleine er tilsvarande tal 11,3 prosent. Når vi tar med at desse tala ikkje omfattar uraffinert olje og gass, ser vi enda klårare kor viktig desse fylka er for utanriksøkonomien.

Også for fisk og sjømat registrerte vi rekordhøge eksporttal i 2017 målt i verdi. På desse varene nærma eksportverdien frå Møre og Romsdal seg 20 milliardar kroner i 2017. Fisk og sjømat står for om lag 48 prosent av den samla eksporten frå fylket. Møre og Romsdal styrka sin posisjon som det klart største fiskeksportfylket i 2017. Over 20 prosent, målt i verdi, av all fisk og sjømat som blir eksportert frå Noreg, kjem frå Møre og Romsdal. 

Den samla auken frå 2016 til 2017 i eksport frå Møre og Romsdal, målt i kroner, var på 1,365 milliardar. Av dette var nesten 900 millionar, eller 66 prosent, fisk og sjømat. Eksporten av andre varer auka dermed med om lag 465 millionar frå 2016 til 2017. Dette står i kontrast til åra før då vi i stor grad hadde registrert nedgang for den øvrige eksporten.